Kyrkjegarden om sommaren
Når andre har ferie, og slappar av i båten og på hytta, er det full aktivitet på kyrkjegarden. Sommarvikarane våre har vore i full gang sidan juni. Me har til saman fire sommarvikarar, i to omgangar. Dei klypper plenar og hekkar, malar, er kyrkjetenar ved gravferder og gjer anna førefallande arbeid. Her ser de mellom anna at det er kome "nye" grusvegar på kyrkjegarden.
