Ledig stilling

Fitjar sokn har ledig inntil 70% fast stilling som KYRKJEGARDSARBEIDAR / VAKTMEISTER Kyrkja og parkområda rundt kyrkja er eit sentralt landemerke i Fitjar sentrum, og spelar ei viktig rolle for både innbyggjarar i Fitjar og for mange tilreisande. Mange tar del i kyrkjelege arrangement og/eller handlingar, ser til gravstaden til kjende og kjære, eller oppsøkjer parken eller kyrkja for rekreasjon. Fitjar sokn har ansvaret for drift og vedlikehald av både kyrkja og kyrkjegarden. Me ynskjer at kyrkja og parkområdet skal vere ein god stad å opphalde seg og halde ein høg standard. Dette er ei stor og viktig oppgåve, og me søkjer etter dyktig og engasjert medarbeidar.

Arbeidsoppgåvene omfattar 
* vedlikehald av kyrkjegarden med plen, plantar, buskar og trær
* vedlikehald av kyrkjegardshus og teknisk utstyr
* tilrettelegging i samband med gravferd og urnenedsetjing
* sjå til at kyrkjegardsvedtektene blir fylgde
* vaktmeisteroppgåver i kyrkja
* ansvar for reinhald - saman med reinhaldar i 10% stilling
* medverknad ved gravferd som kyrkjetenar
 
Me søkjer etter ein person som har
* relevant utdanning eller yrkeserfaring
* evne til å arbeida sjølvstendig
* evne til å kommunisera godt med brukarane av kyrkjegarden
 
Me kan tilby
* tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtalar og gjeldande regelverk
* løn etter KA sin hovudtariffavtale
* medlemskap i KLP
* nødvendig opplæring
 
Det er mogleg å søkja delar av stillinga.
Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt. 
Nærare opplysningar får du ved å ta kontakt med kyrkjeverje Jan Overweg, tlf. 90197069.
Søknad med CV, referansar og kopi av vitnemål og attestar kan sendast til Fitjar sokn, Postboks 10, 5418 FITJAR, eller  kyrkja@fitjar.kommune.no.
Søknadsfrist: 10.09.2020

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor: 
vekedagar  kl. 10.00-11.30 og 12.30-15.00

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no

VIPPS: Fitjar kyrkje
#23412 - FITJAR SOKN

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"