Påmeldingsfristen til Lys Vaken er gått ut. Nokre er påmeldt og me gler oss til søndagsfrukost i kyrkja. Søndag 19. november er alle velkomne til familiegudsteneste kl. 11.00!
Mange kyrkjer rundt om i heile landet vårt arrangerer Lys Vaken. Det har fått namnet "Lys Vaken" fordi det handler om å vere lys Vaken for det som skjer rundt oss. Me skal vere Lys Vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.
I år er det ikkje overnatting i kyrkja. Me skal ete frukost saman søndagsmorgon før familiegudstenesta. I gudstenesta skal to barn berast til dåpen, me skal høyre om den lamme mannen og det blir nattverd og bønevandring!
Heilt tilslutt er det kyrkjekaffi!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.