Det vert vårdugnad på kyrkjegarden dei to neste laurdagane, 21. og 28. april. Me håpar du har lyst å vera med for å gjera kyrkjegarden fin før våren og sommaren set inn for fullt.
Arbeidet tek til kl. 10.00 og varer til utpå ettermiddagen når folk vil gå heim. Det vert servert graut ca. kl. 12.00.
Arbeidsoppgåver:
- Skjæring av vegkantar
- Raking av greiner og lauv
- Fjerning av ved
- Klipping av hekk
- Planering av grøft
Me har ein del reiskap på kyrkjegarden, men det er fint om du kan ta med til eige bruk slik som:
- Trillebåre
- Rive
- Spade
- Hekksaks
- Motorsag
Dugnad er kjekt og nyttig.
Velkommen!
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.