Informasjon om vigsel

Bryllaup i kyrkja

Første steg i bryllaupsplanlegginga er å avtale dato, stad og klokkeslett. For kyrkjeleg bryllaup i Fjaler, ta kontakt med Fjaler kyrkjekontor på 57739770 eller send epost til kyrkjesekreter@fjaler.kyrkja.no.
Kyrkjeleg vigsel er gratis viss minst ein av brurfolka eller foreldra bur i kommunen og er medlem av DNK.



Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Les meir på skattetaten.no.

Når brudeparet har søkt om prøvingsattest elektronisk, kan forlovarane logge inn på skatteetaten.no og fylle ut forlovarerklæringa.

Behandlingstida kan vere inntil tre veker. Men ikkje fyll ut skjemaa meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. Ein prøvingsattest er gyldig i fire månader.

Når søknaden er godkjend, blir prøvingsattesten utferda i Altinn og de må vidaresende han til vigslaren. De vel sjølve om attesten skal sendast vidare digitalt, eller som brevpost. Ein kan vareta informasjonstryggleiken til personopplysningane i attesten ved å sende han vidare i ein kryptert e-post, eller ved å sende han i ein lukka konvolutt.

Skatteetaten.no

Kontakt