Gudstenester

Gudstenesten er selve navet i ei kyrkjelyd. Kai Munck sa at gudstenesta er staden der vi møtast "fyrst for Gud si skuld, dernest for vår neste si skuld og sist for vår eigen skuld".

I gudstenesta møter vi Gud på ein særskild måte gjennom nådemidlane. Gjennom ordet som vert lest og sakramenta som vert forvalta, er det Gud sitt løfte at han er nær.

 Vi ber om tilgjeving for det i livet som vi ikkje har gjort rett og gjennom salmar og lovsong, syng vi til Gud. I forbøna løftar vi blikket utover oss sjølve og i kollekten deler vi av det Gud har gjeve oss. Så tek vi imot velsigninga, før vi vert sendt ut i verda.

Kommande gudstenester