Konfirmasjon i Fusa

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vita meir om seg sjølve, om kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

I Fusa sokn har me eit konfirmantopplegg som går frå starten av september eitt år og ender med konfirmasjon i mai året etter. Me ynskjer å gje deg som er konfirmant ei god og trygg oppleving gjennom året, der du kan få sjå meir av kven Gud er.

Konfirmantåret inneheld konfirmantleirar og -turar, undervising i di lokale kyrkje, felles undervisingstimar på Eikelandsosen bedehus, interesse- og tenestegrupper, innsamlingsaksjonar, og mykje spanande samvere. Dersom du vil vita meir om konfirmantåret som kjem, ta ein kikk på lenkjene under!

Artikkelsnarveger

Sitat

Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»

Evangeliet etter Matteus, kapittel 4, vers 19