Bønesamlingane på bedehusa vert avlyste i morgon den 18. mars. Det er enno ikkje fatta vedtak om å avlysa resten av samlingane, so med mindre anna melding kjem ut går dei som vanleg frå 1. april av. Men denne gongen ynskjer me å oppfordra alle til å be heimefrå.
Det er ei usikker tid me er inne i, og det er sikkert vanskeleg for mange, både med sjukdomsfrykta og med det å vera meir bunden til heimen enn vanleg. Difor kan det vera godt å be litt, og samlast om å lyfta fram for Gud alt det som ligg oss på hjartet. Litt lenger ned på sida kan de sjå bøneordninga som me brukar på samlingane rundtom - det er ei felles ordning, ei sokalla tidebøn, med enkel struktur som er lett å følgja. I morgon vil me oppfordra alle som kan til å vera med og be denne tidebøna heimefrå, frå 17:30 til 18:00.
Guds signing - må både Han og helsa vera med dykk i denne tida!