Drive-in-gudsteneste ved Ådland kyrkje

Samnanger og Fusa kyrkjelydar samarbeidar om "gudsteneste i bilen".

Sokneprestane i Fusa og Samnanger inviterer til drive-in-gudsteneste i påska, på skjærtorsdag og 1. påskedag. Ei drive-in-gudsteneste skjer ved at ein køyrer til parkeringsplassen i bil, og stiller radioen inn på ein FM-frekvens som gjer at dei kan motta radiosignalet som gudstenesta vert send på. Dette vert ei enkel gudsteneste - men me meiner det er viktig å gjera noko felles i desse tider, der ein elles skal vera på avstand. Her kan ein møtast utan å møtast.

Nokre viktige reglar gjeld for arrangementet - kommuneoverlegen i Samnanger har sett desse krava:

  • Ikkje kom gåande - berre i bil.
  • Ta berre med personar frå eigen husstand. Det er ikkje lov til å ta med seg, eller sitja på med, nokon ein ikkje bur saman med.
  • Du kan ikkje vera med om du er i karantene eller isolasjon, eller om du har symptom på luftveisinfeksjon.
  • Alle blir verande i bilane under heile gudstenesta. Om noko oppstår, eller ein ikkje ynskjer å sitja i bilen lenger, må ein køyra ut frå området.
  • Det er ikkje lov til å opna vindaugo eller dører for å prata med kvarandre.
  • Når gudstenesta er ferdig, reiser ein rett heimatt.
  • Det vil vera parkeringsvaktar til stades for å passa på at reglane vert følgde.

Me vonar at folk vil koma og vera med på gudsteneste, sjølv om desse vert litt særeigne! Kom til kyrkja på Ådland i Samnanger - Prestavegen 2, 5652 Årland - på skjærtorsdag og 1. påskedag, 17:00 begge dagar.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"