Ledig stilling som konsulent/kontormedarbeidar

Likar du å arbeide med menneske? Er du fleksibel og strukturert?

Likar du å leggja til rette for andre?

Vil du vera med å byggja kyrkjelyd i Fusa?

 

Vi har ledig stilling frå og med august 2021, etter nærare avtale. Fast stilling med prøvetid 6 månader.

Stillingsstorleik: 100%

 

Fusa sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd. Fusa sokn er geografisk likt tidl. Fusa kommune og har eit arbeid i 5 kyrkjer i tillegg til Eikelandsosen bedehus. Arbeidsfellesskapet lokalt består av prest, kantor, dagleg leiar, medarbeidarkoordinator, kyrkjelydspedagog, kyrkjelydsarbeidar, tre kyrkjetenarar samt dagleg leiar i frivilligsentral og held kontor på Fjord'n Senter i Eikelandsosen.

 

Du vil få utfordrandre og utviklande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg, aktivt og positivt arbeidsmiljø i Fusa! Primært vil du jobbe vanleg kontortid, men av og til også noko kveld/helg etter avtale.

Arbeidsoppgåver knytt til stillinga:

  • Telefon, post og ekspedisjonsservice.
  • Økonomioppgåver knytt til kontering og attestering av faktura og lønsbilag.
  • Mottak og sekretærarbeid i oppfølging av dåp, konfirmasjon, vigslar.
  • Oppfølging av gravregister.
  • Sekretæroppgåver/støttefunksjon til trusopplæringa/barne- og ungdomsarbeidet i soknet.
  • Diverse arkivarbeid, personalarbeid og sakshandsaming
  • Ansvar for informasjonsarbeidet i soknet; Facebook, heimeside, kunngjeringar til gudstenester m.m.
  • Innkjøpsansvar for kontoret.
  • Oppsetjing og gjennomføring av AV/PC på gudstenester.
  • Arbeid med Fusa kyrkjeblad.

Arbeidsoppgåver kan tilpassast noko etter personlege eigenskaper.

Du bør ha generelt bra datakunnskap til mellom anna å dagleg bruka ordinære Office-program samt kyrkja sine særprogram (opplæring blir gjeven til dei siste.)

Primært vanleg kontortid. Noko kveld/helg etter avtale. Arbeidsområde kan tilpassast noko til den som får stillinga.

Sjølvstendig arbeid men samstundes tett samarbeid med dei andre tilsette og mange frivillige medarbeidarar. Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd ved kyrkjeverje er arbeidsgjevar, medan dagleg leiar i Fusa sokn er næraste overordna. Søkjarar bør disponere bil. Løn etter tariff i kyrkjeleg sektor. Pensjonsordning i KLP.

Meir informasjon om stillinga kan du få ved å ta kontakt med dagleg leiar Hans Einar Markhus, eller kyrkjeverje Kristine Fjeld (sjå under for kontaktinformasjon).

Du kan sjå søknadsskjema og levera søknad på denne sida (lekkje).

[Missing text '/cookieconsent/missingConsentSharing' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)'][Missing text '/cookieconsent/missingConsentMessageFunctional' for 'Norwegian, Nynorsk (Norway)']

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"