Ledig stilling som kyrkjelydsarbeidar

Jobben er sentrert i Fusa og har fokus på trusopplæring for born og unge!

Vil du bli med å byggje kyrkjelyd i Fusa?

Trivst du med barn og unge og ynskjer å formidle den kristne trua til dei?

Er du kreativ?

 

Vi har ledig stilling f.o.m. august 2021, etter nærare avtale. Fast stilling med prøvetid 6 mnd.

Stillingsstorleik: 100%

 

Fusa sokn er eit av to sokn i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd. Fusa sokn er geografisk likt tidlegare Fusa kommune og har eit arbeid i 5 kyrkjer i tillegg til Eikelandsosen bedehus. Arbeidsfellesskapet lokalt består av prest, kantor, konsulent, dagleg leiar, medarbeidarkoordinator, kyrkjelydspedagog samt dagleg leiar i frivilligsentral, og held kontor på Fjord`n Senter i Eikelandsosen.

 

Vi tilbyr spennande oppgåver og eit godt arbeidsmiljø, og vi ønskjer saman med mange frivillige medarbeidarar å byggje kyrkjelyd i Fusa sokn. Trusopplæringsarbeidet i Fusa sokn spenner over heile aldersspekteret 0-18 år, men me legg arbeidskabalen opp etter personlege eigenskapar og erfaring. Kva er du god på?

Arbeid mellom barn og unge i Fusa sokn er både breidde- og djupnerabeid, både tiltaksbasert og kontinuerlig arbeid og finn stad i kyrkjene våre og i bedehusa i bygdene. Det vert arbeidsdeling med leiande kyrkjelydspedagog og andre i staben. Ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid.

Vi ønskjer søkjarar som:

  • trivst med barn og ungdom
  • har erfaring med arbeid blant born og unge
  • ynskjer å formidle kristen tru og evangeliet om Jesus til born og unge
  • har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team
  • kan engasjere og motivere andre og arbeide målretta
  • jobbar sjølvstendig og tar ansvar for eigne oppgåver
  • er kreativ og har evne til nytenking

Primært søkjer vi personar med høgskuleutdanning, men andre kan også søkje. Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt. Må disponere bil og ha medlemskap i Den norske kyrkja. Den som vert tilsett må vise fram tilfredsstillande politiattest. Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor. Gode pensjonsordningar med medlemskap i KLP.

Du kan søkja på stillinga på denne lekkjaTa òg gjerne kontakt med kyrkjelydspedagog Norunn Markhus eller kyrkjeverje for Bjørnafjorden Kristine Fjeld om du har spørsmål om stillinga.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"