Dei nye tiltaka som Bergen og rundtliggjande kommunar har innført for å slå ned Covid-19-smitta medfører at me må gjera grep i kyrkjeleg samanheng òg. Her er noko av det som skjer med aktiviteten i kyrkja:
- Gudstenesta til helga (sundag 8. november) fell vekk. Kva gjeld gudstenester framover, skal me sjå nærare på det; sjekk Facebook-sida vår for fortløpande informasjon om aktivitetar.
- Kalenderaksjonen er inntil vidare utsett til desember. Eigentleg skulle han henda frå onsdag til og med neste helg, men det vert altso ikkje.
- Makstal på alle gudstenester og samlingar i næraste framtid, om dei vert noko av, er 20 personar. Gravferder er unntak og kan ha 50 til stades.
Ta vare på einannan i denne tida. Kontoret vil i stor grad vera ope, sjølv om me reduserer opningstider noko frå vanleg. Me vil vera tilgjengelege på telefon og epost om det skulle vera noko.