Oppstart av gudstenester og annan aktivitet

17. mai i Hålandsdalen vert den fyrste gudstenesta i Fusa sidan tidleg mars - velkomen attende!

I tillegg til oppstart av gudstenester vil me òg gå i gong med oppstart av annan aktivitet, sakte men sikkert. Dette vil de høyra om på Facebook eller gjennom andre kanalar etter kvart. Men for no: Gudstenesteplanen går tilbake til vanleg frå og med no på sundag - med gudsteneste i Hålandsdalen kyrkje, klokka 11:00, sundag 17. mai. Einar Ekerhovd leier gudstenesta, og Norunn Markhus kjem for å tala.

 

Me gler oss svært mykje til å starta opp aktivitet i kyrkjelyden att - og me vonar at det snart vil verta trygt for alle å ta del i det som hender. Enn so lenge treng me likevel oppretthalda somme retningsliner for å sikra at det er trygt. Det tyder at me ikkje kan ha meir enn 50 personar til stades i Hålandsdalen. I tillegg bed me om at alle er med oss på dugnaden for å hindra smittespreiing, ved å følgja desse råda:

  1. Er du sjuk eller har symptom på luftvegsplagar skal du ikkje delta.
  2. Hald avstand (minimimum 1 meter mellom kvar husstand) og unngå fysisk kontakt.
  3. Bruk alltid sprit på henda før du går inn i kyrkja.
  4. Unngå berøring av inventar og utstyr
  5. Må du hoste/nyse, bruk primært papirlommetørkle, alternativt albogekroken
  6. Viss kyrkja er full vert det hengt opp oppslag, eller de får melding om det.

Under teksten her vil de òg kunna sjå kva for tiltak me vil gjera som organisatorar og ansvarlege for å hindra smitte - klikk på lekkja under "Dokument" for å sjå planen vår.

 

Velkomen tilbake til kyrkje!

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"