Walk and Run 2020: 289.000,-

Eit fantastisk resultat!

Me har fått inn 288.900,- i samband med Walk and Run i år. Det er langt meir enn me hadde venta - sist Walk and Run kom det inn 300.000,-, og då fekk me mykje meir i stønad frå næringslivet og kommunen. Veldig flott at det var so mange privatpersonar som var engasjerte i år!

Men me gjev oss ikkje enno - det går framleis an å senda pengar til Vipps 90436 eller bankkonto 3530.25.86215 for å stø arbeidet for brannskadde born i Etiopia. Jo meir me får samla inn, jo fleire kan me hjelpa! Me kjem til å leggja alt som kjem inn i løpet av året til dette resultatet, og vonar at me kan koma godt over 300.000,- totalt.

Me vil oppfordra alle som kan til å organisera sine eigne Walk and Run-hendingar for å samla inn. Be slekt og vener om å gje pengar for noko de gjer - alt frå å gå fjellturar til å ta rundar rundt huset, eller kan henda noko heilt anna? Om de kan gjera noko, er det flott om de kan vera med og stø ei god sak! Ta gjerne kontakt med oss for å snakka om det, om de ynskjer å ta del.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"