Vårdugnad rundt Valderøy og Vigra kyrkje

Det er vår og det må stellast også rundt kyrkjene og gravstadane. Det er tradisjon at det blir rydda og stelt til 17. mai og sjølv om det ikkje blir vanleg feiring i år heller, vil sikkert mange finne tid til å gå ein tur på gravstadane og sjå på gravene og minnast.

Sokneråda på Vigra og Valderøya arrangerer dugnad:

Laurdag 8.mai frå kl.11.00 ved Vigra kyrkje

Tysdag 11.mai frå kl.17.00 ved Valderøy kyrkje

 

For å skape litt liv rundt kyrkjene på dugnadsdagen vil sokneråda oppmode pårørande til å møte fram og stelle graver når det er dugnad rundt kyrkjene. Det vert også mulig å få hjelp med å rette opp gravminner.

Det vil ikkje bli noko problem å halde dei føreskrivne korona-avstandane, for det er god plass rundt kyrkja og på gravstadane.    

Dei som kan stiller med hageredskap . Det er oppgåver for alle, raking, fjerning av lauv og ugras, ny bark i bedda med meir. Kaffi og litt å bite i vert det også.

Alle er velkomne til dugnad rundt Vigra og Valderøy kyrkje laurdag 8.mai og tysdag 11.mai. Til fleire vi blir dess kjekkare blir det.


Ta ein tur då vel!

 

Helsing Valderøy  og Vigra sokneråd

ved Elisabet Sundgot                    Knut Støbakk
(leiar Valderøy sokneråd)           (Vigra sokneråd)

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

Telefon sokneprest Giske/Vigra:

93 22 72 20

Telefon sekretær:

95 06 83 66

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"