Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Informasjon om utsette konfirmasjonar i Giske

Det har vore ei underleg tid, og kjem til å vere ei underleg tid enno ei stund framover. Men no har vi altså endeleg fått satt opp datoar for konfirmasjonar i Giske kommune for 19/20-kullet som eigentleg skulle gått føre seg i desse dagar.

Samtidig som vi er glad for å ha fått på plass datoar, er det viktig å minne om at mykje framleis er usikkert i den situasjonen vi er, difor er desse datoane sett med dagens forutsetningar og med eit visst forbehold.
 
 
1. NYE KONFIRMASJONSDATOAR
Konfirmasjonane i Giske kommune er flytta frå våren til desse helgene i haust:
 
VIGRA KYRKJE
- laurdag 5. september, dei som var sett opp laurdag 25. april
- sundag 6. september, dei som var sett opp sundag 26. april
 
VALDERØY KYRKJE
- laurdag 12. september, dei som var sett opp laurdag 2. mai
- sundag 13. september, dei som var sett opp sundag 3. mai
 
GODØY BEDEHUSKAPELL
- laurdag 19. september, dei som var sett opp laurdag 9. mai
 
GISKE KYRKJE
- sundag 20. september, dei som var sett opp sundag 3. mai
- laurdag 3. oktober, dei som var sett opp laurdag 2. mai *
 
* Vi er klar over at dette er første laurdag i hausteferien. Dessverre må det bli slik, då hausten elles ville blitt ein vanskeleg kabal.
 
 
2. PRAKTISK GJENNOMFØRING
Vi må ta høgde for at det også til hausten vil vere restriksjonar på kor mange som kan vere i lag i same lokale. Altså vil det nok vere restriksjonar på kor mange konfirmantar som kan konfirmerast om gangen og kor mange kvar enkelt får ha med seg av gjester i kyrkja – dette må vi koma tilbake til ved eit seinare tidspunkt. Det same gjeld klokkeslett for konfirmasjon av den einskilde konfirmant.
For vi må altså belage oss på at det blir fleire kortare konfirmasjonsgudstenester i løpet av dagane som er sett opp, vi må altså vere forberedt på at klokkeslett for konfirmasjonane kan bli tidlegare og seinare enn det som var planlagt tidlegare. Alt det praktiske her er
ikkje heilt på plass, då dette er ein krevjande kabal. Difor kan vi ikkje svara på spørsmål om dette enno. Vi vil halda dykk oppdatert så godt vi kan når vi ser korleis det begynner å sjå ut.
Det vi har no er datoane – slik at de kan planlegge litt. Så håpar vi, og vi vil gjere vårt beste for, at det trass alt kan bli ein god dag for konfirmantane når dagen kjem, sjølv om det ser ut for å bli annleis.
 
 
3. SPØRSMÅL?
Om de har spørsmål er det mogleg å ta kontakt med sokneprest Benjamin Bjørnsen Anda på e-post: benand@giske.kommune.no, evt. på telefon 93 22 72 20.
Vi bed om forståing for at vi ikkje har alt på plass enno, då mykje ligg framom. Dette er ein spesiell situasjon for oss alle. Vi gjer ting vi ikkje har gjort før, og planlegg for noko vi ikkje heilt veit korleis kjem til å bli. Difor håper vi alle vil vere rause og fleksible. Vi skal, frå vår side, gjere det vi kan for at det blir så gode løysingar som mogleg – og ikkje minst at konfirmanten blir konfirmert!
 
Med beste helsing,
på vegne av kyrkjene i Giske
Benjamin Bjørnsen Anda, 
sokneprest for Giske og Vigra
Jan Løkkeborg,
konfirmantprest for Valderøya

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

Telefon sokneprest Giske/Vigra:

93 22 72 20

Telefon sekretær:

95 06 83 66

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"