Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Litt om kyrkja i Giske og koronaviruset

Kyrkja i Giske deltek sjølvsagt i den nasjonale dugnaden i den krevjande situasjonen landet vårt no er i. Dette får konsekvensar for det meste av verksemda vår, då den har med menneske å gjere.

Difor er det no bestemt at ALLE gudstenester (15., 22. og 29. mars) framover blir avlyst, dette gjeld også fastegudstenestene (onsdagskveldane). Det same gjeld ALLE andre aktivititetar i kyrkjene våre, for ung og gamal. Dette blir gjeldane ut mars månad – i første omgang.

 

  • Gravferder vil bli haldne, men det må bli med restriksjonar for talet på deltakande. Dette ser vi på i samråd med gravferdsbyrå, kyrkje og pårørande.

 

  • Dåp som er planlagt blir også ramma. I og med at gudstenestene blir avlyst, så får dette også konsekvensar for dåp. Her vil kyrkja ta kontakt med familiane for å finna gode løysingar for dette.

 

  • Konfirmantundervisninga dei komande vekene må avlysast. Når det gjeld sjølve gjennomføringa av konfirmasjonsgudstenester arbeider vi no med å sjå på eventuelle alternativ for dette. Dette er potensielt store omveltingar både for oss og for konfirmantane, difor bed vi om forståing for at ikkje alt er på plass med tanke på dette enno. Vi kjem tilbake til dette så fort vi kan.

 

  • Vigslar skal i utgangspunktet kunne gå føre seg. Men vi vil sjølvsagt ha dialog med dei som har planlagt vigsle som ligg i nær framtid. Det kan bli aktuelt også her med restriksjonar på talet på deltakande.

 

Samtidig som at vi ikkje lenger kan samlast til gudsteneste, så ønskjer kyrkja å vere til stades for menneska i Giske. Om du ønskjer samtale, forbøn og/eller nattverd – er det mogleg å ta kontakt med presten eller diakonen – anten på telefon eller digitalt. Elles anbefaler vi bøn og bibellesing i heimen, særleg om sundagen.

 

Hugs å ta vare på kvarandre denne tida. Vask hendene – og fold gjerne hendene.

 

 

Har du spørsmål, så er det mogleg å ta kontakt med oss på telefon (70 18 80 40) og e-post. Gjeld det avtale om samtale, forbøn og/eller nattverd – ta gjerne direkte kontakt med prest eller diakon på telefon (sjå nedanfor).

 

Vi har følgjande tlf./e-post:

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

Telefon sekretær:

95 06 83 66

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"