GODT NYTT NÅDEÅR!!

Det er noko særleg med overgangen frå eit år til eit anna. Det er som vi kjenner at vi får ein ny sjanse. Eit hav av ubrukte dagar ligg framføre oss. Mange set seg mål for det nye året. Vi skal bli flinkare til alt vi ikkje fekk til i det året som nå er over. Men det er ikkje lett å endre seg.

Eg er glad i dette uttrykket ‘nådeår’. Det er henta frå Jes.61, og det var den teksten Jesus tok fram da han las i synagogen i Nasaret. Avsnittet blei som ei jobbeskriving for han.

Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg
til å forkynna ein god bodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom
og at blinde skal få sjå,
for å setja undertrykte fri
og ropa ut eit nådeår frå Herren. Luk.4,18-19

Nåde – eit ord eg berre anar kva tyder. Eit ord som er så vidt og breitt og djupt og høgt at det dekker heile meg. Eit ord som lekjer. Eit ord som gir håp og kvile. Eit ord som bringer med seg dufta frå Guds rike. Eit ord som gir liv og overflod. Eit ord som er eit vern.

Nåden er meir enn eit ord. Nåden er Guds gåve til oss. Nåden er Guds kjærleik som strøymer til oss kvar dag og ber oss. Nåden er Guds kraft som set oss i stand til å tene.


Vi går inn i eit nytt år. Vi veit ikkje kva det vil bringe. Vi er blitt vande med at endringar skjer fort og vi kan kjenne at vi mister fotfeste. Midt i alt dette skiftande, er Gud den same og hans nåde er ikkje slutt. Kvar dag er Guds nåde ny for deg og meg, og den rekk for heile dagen og alt det som skjer oss.


Vi skal få høre den Oppstandnes røst
i gjennom alt som skjer, hva enn som hender,
og nåden som vi mottar, gir oss håp
når dagen demrer og når dagen vender.

Svein Ellingsen (diktet: Så mange håp blir brutt på denne jord v.5)

Lat oss gå inn i det nye året i vissa om at det er eit nådeår frå Herren!


Berit diakon

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

Telefon kyrkjekontoret: 

90 59 70 55

Telefon sokneprest Giske/Vigra:

93 22 72 20

Telefon sekretær:

95 06 83 66

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"