Rydding, bevaring og gjenbruk

Ved Vigra gravplass har Fellesrådet starta ein rydding, bevarings- og gjenbruksprosess.

Første steg var å setje ut skilt på graver utan festar og tidlegare sletta graver. Desse skilta blir ståande til hausten slik at folk har tid på seg til å gi oss tilbakemeldingar.
Det er mange graver som er alfor små til å bli brukt opp igjen ved Vigra gamle gravplass. Dersom vi får sletta ein del av dei gamle gravene, kan vi rydde plass for nye graver etter dagens mål som kan takast i bruk. (1,5mx3m).
 
Framdriftsplan:
1. Utsetting av skilt med melding på gravminna om sletting. På skiltet står
kontaktinformasjon for tilbakemelding. Månadsskifte mai/juni. Frist for
tilbakemelding er ut september månad 2020.
2. Tidleg på hausten – ta kontakt med dei som står som festar av dei ubetalte gravene, med formål om å slette mest mogleg.
3. Fortsette arbeidet med dei gravene vi ikkje har rette festaren til.
4. Gravminne som skal slettast, september og utover –festar får høve til å ta vare på steinen for gjenbruk, viss dei ikkje skal brukast blir dei fjerna og destruerte.
5. Historiske/viktige støtter som skal takast vare på, får stå i første omgang.
6. Få retta opp alle kart og registreringar slik at kart og terreng stemmer.
7. Fylle på jord og merke felt og nye graver, så i på nytt.
8. Ta dei «nye» gravene i bruk (haust 2021).
 
Vidare plan for gravplassen felt A og B
- Ønska utfall er å få mest mogleg plass for gjenbruk
- Dei «nye» gravrekkene må rutast opp på nytt for å følgje dagens
standardmål
- Lage til plass for urnelund
- Lage til plass for namna minnelund
- Festa og betalte graver blir fortsatt ståande. Nokre bør vurderast sletta ved
neste forfall.
- Lage ein plan for sletta gravminner som skal takast vare på og som har
kulturhistorisk verdi (samarbeid med sokneråd/historielag 2020-2021)
- Fylle på jord og lage rom for ny gravlegging (vår/haust 2021)

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

Telefon sokneprest Giske/Vigra:

93 22 72 20

Telefon sekretær:

95 06 83 66

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"