Saman som kyrkje i heile verda

For andre år på rad samlar kyrkjer over heile landet inn pengar til støtte for søsterkyrkjer over heile verda. Aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda» går frå Kristi himmelfartsdag til Sankthans, og set fokus på lokalkyrkjelydane sine misjonsprosjekt. Alle sokna i Giske er med på denne aksjonen.

Aksjonen ønsker å gje verktøy til kyrkjelyden sin innsats og engasjement for den globale kyrkje. Aksjonen går inn i misjonsansvaret knytta til SMM organisasjonenes verdsvide nettverk av søsterkyrkjer og partnere. Nettopp i den tøffe koronasituasjonen verdastår midt opp i, er det viktig å vise praktisk omsorg og solidaritet.

 

Kyrkjelydane på Giske og Godøya gir si støtte til NMS sitt arbeid i Midtausten.

Millionar av barn i Midtausten har mista skulegang og blitt meir utrygge på grunn av pandemien. Men TV-kanalen Sat7 let seg ikkje stoppa av stengde grenser. Aldri har dette arbeidet vore viktigare.

Over tre millioner har vore smitta av Covid 19 i Midtøsten og Nord-Afrika. Men skadeverknadane når samfunnet stenger ned er vel så store som skaden sjølve viruset gjer. Fattigdomen blir større, og vald i heimane aukar. Kvinner og barn er mest utsett.

Midt i denne alvorlige situasjonen er det flott å kunne fortelje at det mangfaldige mediearbeidet vi støttar i Midtausten aldri har vore viktigare og aldri har nådd fleire menneske.

Mange tenkjer at viruset er Guds straff. Derfor er det viktig å formidle bodskapen om Guds trøyst, nåde og frelse.

Mediearbeidet som NMS støttar, er med på å gi håp og trøyst til menneske som er isolerte på grunn av uro, forfølging eller pandemi.

GISKE SOKN SI MÅLSETTING: kr.5000 på VIPPS og kr.5000 på SPLEIS= kr.10000,-
Gi gåva di på v
ippsnummer 125808, merk: «Saman» eller til kontonummer: 3904 21 20042


Vigra sokn si støtte går til Himalpartner sitt arbeid i Nepal.

Misjonsprosjektet handlar om å gje arbeid og levebrød til ungdom. Otto Stornes og andre næringsdrivande på Sunnmøre finansierer ein møbelfabrikk i Nepal. Dette gir arbeid og utdanning til ungdom, slik at dei slepp å reisa utanlands til slaveliknande kontrakter.

Vigra sokn samlar ikkje inn pengar til sjølve fabrikken, men til det arbeidet som Himalpartner gjer med ringverknadane rundt slike tiltak, for å gje ungdom eit levebrød.

Pandemien har råka Nepal hardt. Situasjonen er blitt så ille at det ikkje løner seg for unge å ta høgare utdanning. Det er svært vanskeleg å få arbeid. Førstegangstilsettingar og lærlingekontraktar blir nedprioriterte i bedrifter som er truga av nedlegging. Unge vaksne blir buande heime hos foreldra alt for lenge fordi dei ikkje har inntekt.

Vigra sokn si målsetting: kr. 10000 på VIPPS og kr. 10000 på Facebook = 20000kroner.

Gi gåva di på Vipps: 687305 "Innsamlingsaksjon" Vigra sokn

eller på bankkonto: 3910.20.60796 (merk gåva med "innsamlingsaksjon")

 

Valderøy sokn si støtte går også til Himalpartner sitt arbeid i Nepal, med fokus på mental helse og kvinner.

Den største grunnen til at kvinner i produktiv alder døyr, er sjølvmord. Derfor er arbeidet med mental helse svært viktig, samt å gje dei ei utdanning eller arbeid slik dei kan tene sine eigne pengar.

Gi gåva di på Vipps: 29446 (Valderøy sokn) eller bankkonto: 3904.23.40190

 

Valderøy sokn har også gåande ein spleis til støtte for NMS i Estland.

Fram til 1940 vart den Lutherske kyrkja rekna som den tradisjonelle folkekyrkja i Estland. Etter 50 år med kommunisme, er landet no rekna som eit av dei minst religiøse i Europa. Det norske misjonsselskap (NMS) samarbeider med Den estiske evangeliske –lutherske kyrkja (EELK) for å skape nye kyrkjelydar og møteplassar.
Den estiske kyrkja driv eit viktig ungdomsarbeid.
«Plussmedia», er eit mediearbeid av og for ungdom som rekrutterer nye talent til kristent arbeid.

Kyrkjelyd og kyrkje bygging i SAKU
Saku er ein tettstad utanfor Tallin. Her er det fleire og fleire som er aktive i den lokale kyrkja.
Kyrkjelyden veks og det er mange som er med i arbeidet med søndagsskule, babysong, fotballgruppe,
gospelkor, ungdomsarbeid, konfirmantarbeid og bibelgrupper.
Søsterkyrkja vår i Saku arrangerer familiedagar og ski -og marknadsdagar i lokalmiljøet.
Saman med NMS kan vi på Valderøy vere med å bygge ferdig eit moderne kyrkjebygg –det første med solcellepanel på taket i denne delen av Europa.

Vi heier på ungdommane i Estland! Takk for di gåve til innsamlinga vår!

Gi gåva di på: https://spleis.no/174588

 

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

Telefon sokneprest Giske/Vigra:

93 22 72 20

Telefon sekretær:

95 06 83 66

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"