Saman som kyrkje i heile verda

Lokalkyrkjelydar i Møre bispedøme blir i juni utfordra til å delta i solidaritetsaksjonen "Saman som kyrkje i heile verda"; ein innsamlingsaksjon til støtte for søsterkyrkjer som er hardt ramma av korona-pandemien.

Kyrkjelydane i Giske vil i denne samanhengen trekka fram tre av misjonsprosjekta våre:

Vigra sokn gir vår støtte til Normisjon, som arbeider i Ecuador, eit land som er hardt råka av korona-pandemien. Normisjon skriv: «I Ecuador har myndighetene mistet kontrollen i deler av landet, og sykehusene opplever kaotiske tilstander. Dagarbeidere står uten inntekt og har ikke råd til å kjøpe mat.» Gjennom å støtte denne aksjonen, er vi med på arbeidet med å dele ut mat, hygienesett, smittevernutstyr og medisin til sårbare familiar. (Les meir)

 

Valderøy sokn samlar inn til Himalpartner. Misjonsprosjektet vårt er knytta til valderøyingen Ellen Bjørnerem Wahlström og mannen hennar Calle, som bur og arbeider i Nepal. Landet er no under «lockdown» pga korona-pandemien, og folk har det svært vanskeleg. Himalpartner vil fordele støtta til det mest nødvendige arbeidet i denne situasjonen. (Les meir).

 

(Foto: Ellen og Calle Wahlström)

Giske sokn (Giske og Godøya) støttar NMS i Midtausten.

I Midtausten støttar NMS (Det Norske Misjonsselskap) fleire tiltak, m.a. senteret Anafora til biskop Thomas utanfor Kairo. «Støtten vil bidra til å gi flere hundre familier basis matvarer, helsemateriell og bistand fra helsepersonell. Anafora driver til vanlig traumebehandling av kvinner som er utsatt for vold og overgrep, samt arrangerer en egen sommerleir for gutter som har falt ut av skolen.» (Les meir)

image.png

 Sjå Kyrkjene i Giske på facebook for å delta på aksjonane lokalt!

 

SAMAN SOM KYRKJE I HEILE VERDA
-
Møre bispedøme sin misjonssolidaritet under korona-pandemien

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

Telefon sokneprest Giske/Vigra:

93 22 72 20

Telefon sekretær:

95 06 83 66

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"