Pynting og fotografering ved vigsel i kyrkjene i Giske

Her er nokre retningslinjer de kan tenke på om pynting og fotografering i vigselen dykkar.

Pynting og fotografering ved vigsel i kyrkjene i Giske

Pynting

Pynting av kyrkja skjer vanlegvis på bryllaupsdagen. Kyrkja er alltid open 1 time før første vigsel.

Brudeparet står sjølv for eventuell pynting av kyrkja.

All pynting skal skje etter avtale med kyrkjetenar.

 

Blomar

Alternativ:

  • 2 bukettar på alteret. Farge på blomane står de fritt til å velje.

 (Om det ikkje skal vere blomar på alteret, tar vi bort vasane.)

  • Litt høgare dekorasjonar i og framfor trappa på begge sider.

( Ikkje i Giske kyrkje )

Giske kyrkje:

  • I koret er det to benkar langsmed veggane. De kan sette ein dekorasjon på kvar side nærast alterringen.
  • De kan henge blomerankar på enden av benkeradane, MEN dei må ikkje vere fuktige eller festast med tape.
  • Blomar på trappa/utanfor inngangsdøra.

 

Ris / blomekasting

De kan ikkje kaste ris, blomeblad eller konfetti inne i kyrkja eller på/ved kyrkjetrappa. Såpebobler er heilt i orden å bruke ute.

 

Rydding

Om ikkje anna er avtalt, må de ta med pynten ut rett etter vigsla. Det kan vere fleire vigsler same dagen, og det neste brudefylgjet treng tid til å setje fram sin pynt. Vel gjerne blomedekorasjonar som de kan bruke på bryllaupsfesten etterpå.

 

Fotografering

Fotograf tek kontakt med prest/kyrkjetenar om plassering inne i kyrkja. Fotografering under vigsla skjer så diskré som mogleg.

Ønsker ein meir fotografering inne etter at vigselen er over, må de avtale med kyrkjetenar, i forhold til om det vert tid før ein eventuell ny vigsel.

Når det er fleire bryllaup på ein dag, er det naturleg å setje av cirka 10 minutt til fotografering på kyrkjetrappa/utanfor kyrkjedøra.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"