Mange av dei vala du har, er presentert på kirken.no sine nettsider. Korleis vil du at din dag skal vere? Korleis vil du gjere denne dagen spesiell? Følg linken for å sjå dei ulike vala, og tenk på kva du vil skal skje i kyrkja.
http://kirken.no/nb-NO/bryllup/valgmuligheter/
Her kan du lese meir om liturgien ved vigsler:
http://kirken.no/nb-NO/bryllup/vigselsliturgien/
Litt praktisk info.
Brudepar kan sjølv pynte litt ekstra i kyrkja om ønskjeleg, til dømes med blomster. Det er ikkje tilrettelagt for løpar i Hareid kyrkje, då det ikkje er noko festeanordning for løpar (ein kan ikkje teipe, lime, stifte fast løpar i golvet). Ekte roseblad (sett farge i golvet) og ris (fuglane tåler ikkje ris) er ikkje tillatt.