Kyrkjeval 2023

På denne sida finn du informasjon om kyrkjevalet. Kvart fjerde år er det kyrkjeval, på same tid som kommunevalet. Då er det val av representantar til soknerådet (lokalt) som skal veljast på nytt, samt bispedømeråd (regionalt) og Kirkemøtet (nasjonalt). Som medlem i sokneråd kan du ha stor påverknad i dei lokale oppgåvene og utfordringane i di kyrkje. Bli med då vel!

Kort om kyrkjevalet:

-Valet er måndag 11.

september 2023

-Demokratisk val der ein vel kven som skal styre Den norske kyrkja dei neste 4 åra

-Det er val av representantar til sokneråd (lokalt), bispedømeråd (regionalt), og Kirkemøtet (nasjonalt)

-På valdagen kan du stemme i kyrkjevalet som er i nærleik av kommunevalet

-I år kan du stemme på førehand digitalt frå 10. august til 6. september, og for første gong kan ein stemme digitalt

-Medlemmer av Den norske kyrkja, født i 2008 eller før, har stemmerett i 2023, altso 15 år eller eldre.

-Alle medlemmer i DnK over 18 år kan stille til val.