Velkomen til Misjonssøndag og årsmøte Hareid sokn 14. juni

Velkomen til årsmøte Hareid sokn søndag 14. juni på kyrkjelydshuset, rett etter gudstenesta. Dette blir i samband med Misjonssøndag og tilrettelagt kyrkjekaffi etter gjeldande smittevernreglar.

Velkomen til Misjonssøndag og årsmøte Hareid sokn 14. juni

Årsmøtet som var tenkt saman med vårmesse i mars, blei kansellert grunna koronapandemien. Dette blir difor eit forenkla årsmøte for Hareid sokn. Vi kan sjå tilbake på eit år med mange hendingar i 2019, desse kan du få høyre meir om når soknet skal presentere årsmeldinga. Vel møtt! Vi forheld oss til gjeldande smittevernreglar og kan ha 50 inne i storesalen i gongen.

Misjon
Ein søndag i juni brukar vi å ha misjonssøndag på Holesanden, i år blir denne gudsteneste i kyrkja til vanleg tid, og kyrkjekaffi på kyrkjelydshuset etter gudstenesta. Misjonsutvalet brukar kvart år å ha ulike arrangement til inntekt for kyrkjelyden sitt misjonsprosjektet i Thailand. Det vert trekning av loddbøkene til inntekt for misjonsprosjektet vårt, med mange flotte gevinstar. Sal av «matpakke» og kaffi, og om du fortsatt vil kjøpe lodd, er det og høve til det.

 
Kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt er knytt til NMS «Barn og unge i Thailand». Vi bidreg til at barn og unge får ein betre start i livet og høve til å gå på skule, og unge mødre får hjelp i ein vanskeleg livssituasjon. Vi ser det som viktig at misjonsperspektivet vert halde oppe i kyrkjelyden vår, både gjennom denne Misjonssøndagen, Middag & Misjon og dei ulike fasane i trusopplæringa der barn og unge får lære om misjon og lage gevinstar til åresal.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"