Årsmelding Hareid sokn 2021

Også 2021 blei prega av pandemien. Det blei nok eit år med omstillingar og endring i restriksjonane heile 9 gongar. Dette blei den nye normalen gjennom 2021. Nye rutinar, endringar i måten arbeidet vart utført, antalsbegrensningar og ikkje minst handtering av overordna smittevern-ansvar for både tilsette, råd, frivillige og kyrkjelyd. Soknet brukte mykje tid og krefter på å finne ein balanse mellom forsvarleg smittevern og nødvendig kyrkjeleg nærvær og omsorg.

Vi treng kvarandre - for ingen kan drive ei folkekyrkje eller ein organisasjon åleine. Foto: Hareid sokn

Årsmelding Hareid sokn 2021, finn du nederst på denne sida.
Årsmøte Hareid sokn var laurdag 19. mars i samband med kulturdag på kyrkjelydshuset.


Mange ulike situasjonar blei handtert og risikovurdert. Både i møte med familiar, dåpsborn, eit stort og breitt barne- og ungdomsarbeid både i krinsar, kyrkje og kyrkjelydshus, ønskje om open og tilgjengeleg kyrkje, konfirmantar, eldre og sjuke som blei meir isolert og ikkje minst alle pårørande som har erfart at sorga blei tyngre utan handtrykk og sosialt nærvær å lene seg mot.

For ikkje å snakke om alle som sakna eit levande gudstenesteliv og ei opa kyrkje. Vi har køyrt ulike løysingar slik at ikkje antalsbegrensingar skulle sette stoppar for gudsteneste eller dåp. Her kan nemnast vanlege gudstenester i kyrkja, digitale på nett, utandørs på kyrkjebakken både i minus 17 grader i januar og i fine varmegrader på 17. mai, ekstra tilrettelagte dåpsgudstenester i kyrkja og dåp utandørs på kyrkjebakken, og attpåtil eiga drop-in-dåpsdag. Også konfirmasjonsgudstenestane blei spesielt tilrettelagt grunna pandemien, i 2021 hadde vi konfirmasjon både på våren og på hausten. Familiane fekk sjølv velgje og på den måten la vi til rette for den store festen.

Det kyrkjemusikalske arbeidet har vore særs viktig gjennom året på ulike måtar, og spesielt den tida vi berre kunne vere digitale. Frivillige bidro med song og musikk og forsongargruppa var svært aktiv dette året. Det er ei gåve å ha den gode samhandlinga som er opparbeidd gjennom mange år og vi er takksam for eit rikt kulturliv på Hareid. Det er og fantastisk å sjå tilbake på 2021 der heile 22 tiltak i trusopplæringa blei gjennomført ved å tilrettelegge, flytte på/utsette til opningane i høve restriksjonane, og svært gledeleg med godt oppmøte i trusopplæringa. Slikt varmar å sjå når vi veit kor viktig det er å vere tilstades for spesielt barn og unge.

Samspel, gjensidig behov for kvarandre mellom frivillige, råd, utval og tilsette, og samspel mellom leiarar og medarbeidarar har kome til syne gjennom året. Vi ønskjer å rette ein takk til alle som har bidrege og utretta eit godt og kreativt arbeid i alle ledd i verksemda vår, og ein stor takk alle frivillige som har bidrege gjennom nok eit spesielt år.

Vi treng kvarandre - for ingen kan drive ei folkekyrkje eller ein organisasjon åleine.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"