Som ein del av dette besøkte dei Hareid kyrkje, der dei blei møtt av sokneprest, Leidulv Ø. Grimstad, ved den snart 400-år gamle prestestova. Han hadde på seg den gamle embetsdrakta, ein samarie med pipekrage.
Inne i prestestova, som truleg er det eldste huset i Hareid (kan ha vore bygd før 1600, ingen veit), fekk dei informasjon om kva ho hadde blitt brukt til; overnatting for presten, møterom for formannskap og heradsstyre, gamleklokkaren sine samlingar av unge preikelause søndagar, dentidas trusopplæring. Prestestova er også eit lite museum, her er blant anna klaven til gapestokken.
Kyrkjegarden
Ute på kyrkjegarden fekk dei omvising, og fekk sjå bautastein frå før kristen tid og kvar den første kyrkja sto. Vi har også stadnamn som fortel om tidleg kristendom: Korsneset, Korshamna, St. Olavsskuta, ein stein ute ved Buhammaren og Sunniva-kjelda i Hovliden.
Ved omvisninga inne i kyrkja fekk dei sjå liturgiske klede og orientering om kyrkja si historie og verdifulle gjenstandar som ho inneheld.
Kyrkja er open store delar av sommaren, og har du lyst til å besøke kyrkja er det berre å gå innom, ho er open frå kl 8-15 tysdag til fredag.