Tekstar og preike for 4. sundag i fastetida v/sokneprest Lars Hartig-Tangedal

Det står skrive i første Mosebok: 22,1 Ei tid etter at dette hadde hendt, sette Gud Abraham på prøve. Han sa til han: "Abraham!" Og han svara: "Ja, her er eg." 2 Då sa han: "Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar, og dra til landet Moria! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, det som eg seier deg."

Tekstar og preike v/sokneprest i Hareid, Lars Hartig-Tangedal. Foto: Hareid sokn

3 Tidleg neste morgon stod Abraham opp, leste på eselet sitt og tok med seg to av tenestegutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt. 4 Tredje dagen såg Abraham opp og fekk auge på staden i det fjerne. 5 Då sa Abraham til tenestegutane: "Ver her med eselet. Eg og guten vil gå bort dit og tilbe, og så kjem vi tilbake til dykk." 6 Abraham tok offerveden og la han på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei saman, dei to. 7 Då sa Isak til Abraham, far sin: "Du far!" Og han svara: "Ja, son min." Han sa: "Sjå, her er elden og veden, men kvar er brennofferlammet?" 8 Abraham svara: "Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min." Og så gjekk dei saman, dei to.
9 Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. 10 Og Abraham rette ut handa og tok kniven for å slakta son sin. 11 Men Herrens engel ropa til han frå himmelen og sa: "Abraham, Abraham!" Og han svara: "Ja, her er eg!" 12 Han sa: "Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg." 13 Då Abraham såg opp, fekk han auge på ein vêr som hang fast etter horna i eit kratt rett bak han. Abraham gjekk bort, tok vêren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. 14 Abraham kalla den staden "Herren ser". Den dag i dag seier dei: "På fjellet der Herren lèt seg sjå."
Vidare står det skrive i brevet til hebrearane:
4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid.
Slik lyder Herrens ord.


Teksta om Abraham og Isak er ei tekst som dirrar av kjensler som ikkje vert uttala. Heile Abrahams tilvære – vala han hadde gjort i fortida, og von om ei god framtid var knytt til sonen. No står livet hans på spel, men på mannfolks vis maktar han ikkje anna enn å uttrykka at 'det skal nok ordna seg'. Den overskrifta går att i mange media i dag og. Det skal nok ordna seg.

Den andre teksta blir meir konkret på at vona om at tilværet skal ordna seg, er knytt til Sonen med stor S. Og like før teksta vi skal høyre for dagen, viser Jesus si makt over døden då Lasarus vart kalla fram av grava.

Det står skrive i evangeliet etter Johannes:
11,45 Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. 46 Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. 47 Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. 48 Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.» 49 Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. 50 De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» 51 Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. 52 Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. 53 Frå den dagen la dei planar om å drepa han.
Slik lyder det heilage evangeliet.

 

Saman er vi sterke. Nasjonal dugnad. Saman aleine. Slagorda er mange om dagen. Det siste har eg sans for. Det tar på alvor både at det vi no gjer, er for fellesskapet skuld. Men det tek og på alvor at mange kan oppleve seg aleine i det som skjer. Og aleine opp i mot noko som trugar liv og helse; det kan skape redsle. Dei fleste av oss har nokon vi er urolege for – dei eldre i familien eller andre som er særskilt sårbare i desse tider.
Men kva skjer når folk er redde? Det ser ofte ut til å komme ut i sinne – mot hyttefolk, mot joggarar som pustar tungt på veg forbi, mot folk som ikkje spritar hendene på veg inn og ut av butikken, mot karantenebrytarar.

Redsle og sinne er i nært slektskap. Dei religiøse leiarane på Jesu tid kunne ha mange grunnar til å vere både redde og sinte, for Jesus utfordra både autoriteten deira og verdsbiletet og Gudsbiletet deira – det meste som var viktig. Dei hadde vore borti problematikken før. Slike oppviglarar som Jesus var som virus – du måtte få kontroll på tankegodset deira fortast mogleg, elles spreidde det seg. Og då var den skjøre politiske tryggleiken i fare – kva om romarane nytta uroa som påskot til å gripe inn? Alle visste kva brutalitet det då var snakk om.

Men denne Jesus ville krevje sterk medisin for å stoppa utbreiinga, for handlingane hans tala minst like høgt som orda. Det siste var aldeles uhøyrt i ordets rette forstand; han hadde ropa ein død mann ut av grava. Og det var sørgjeleg mange som hadde sett det og gjekk god for at det verkeleg skjedde.

Kaifas tok det tunge leiaransvaret sitt og sette klare ord på det mange kanskje hadde tenkt. Nøytraliser smittebæraren. Det er betre at eit menneske døyr for folket enn at heile folket går til grunne. Redsle, sinne, harde kjensler, kald kalkulering.

Det var kynisk realpolitikk. Vi finn det i mange former i dag og – grenser som vert sett overfor dei vi fryktar kan utfordre privilegia for 'oss' – det store 'vi'. Flyktningar, annleis-tenkande og annleis-truande, annleis enn snittet… Set grenser, få dei på naudsynt avstand – det er betre for … ja, i alle høve for oss som definerer kven som er 'vi'.

Men det som synes som kynisk realpolitikk for Kaifas blir for Johannes noko mykje meir når han etter den første påsken ser tilbake og fortel om dette.

Dette var ikkje dei kalde kjenslene si triumf, sjølv om det såg slik ut. Djupare nede, som ei livgjevande vassåre under tørr og hard jordskorpe, handla dette "ein for alle" om varm kjærleik. "Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine," hadde Jesus sjølv sagt og gjekk frivillig inn i det.

Det er hevda at det som smitter aller fortast, er eit smil. Varme og godleik kan smitte, og vi vil gjerne at det skal gjere det. Jesus var ein unik smitteberar i så måte. Og korkje Kaifas eller seinare maktmenneske har lukkast i å stogge den spreiinga som kjærleikens bodskap har hatt sidan.

Kanskje er det særleg i tider med trugsmål, redsle og sinne at vi aller mest treng nettopp varmen i kjærleiken, tryggleiken i trua, og motet som fylgjer det å ha ei von for tilværet. Påska var full av redsle og sinne og liv som vart brote ned, og likevel enda den i Tru, von og kjærleik. Fordi det uhøyrte skjedde. Grava kunne ikkje halde fast på livet, men måtte gi det tilbake.

Dei orda vi knyter von til, sjølv om dei kanskje kan kjennast for store for oss, er at han som vann den gongen, framleis kjempar på sida vår, og ikkje vil etterlate oss aleine i våre kampar. Så får trua vere som det rommet eg kan søke tilflukt i uansett korleis det går, uansett korleis eg kjenner det. For vi har ein som har lova at han ikkje gjer slepp. Slik er kjærleiken – den vil ikkje gje opp. Om vi skulle kjenne oss aleine, er vi likevel saman med han som annleis enn nokon kan seie "Det skal ordna seg." Han viste seg tru-verdig, og han veit kvar vegen fører på den andre sida.
Difor vel eg å tru han på dette: Det skal ordna seg.


Offeret i dag går til: Hareid Frivilligsentral

Kan vippsast til 16290 Hareid sokn, som vidaresend til Hareid Frivilligsentral.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"