Hareid sokn har ein aktiv kyrkjelyd og gode tradisjonar for dåp. Det er mange frivillige og eit godt samarbeid mellom soknet og dei frivillige, noko som er med på å skape ein levande kyrkjelyd. Av kyrkjelydsarbeidet må nemnast det breie trusopplæringsarbeidet som femner alle årstrinn frå 0-18 år, som er eit omfattande og førebyggande arbeid i trygge og rusfrie miljø.
Les nyhetssak frå Vikebladet om dei gode dåpstala:
http://www.vikebladet.no/nyhende/2018/03/20/Hareid-og-Ulstein-skil-seg-fr%C3%A5-den-nasjonale-utviklinga-16325761.ece
22.000 over kyrkjedørstokken i Hareid i 2017
Mange av aktivitetane til Hareid sokn skjer i kyrkja, som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året. I 2017 var det om lag 22 000 som gjekk over kyrkjedørstokken, noko som i gjennomsnitt utgjer om lag 1800 kvar månad. Talet er ikkje enkeltpersonar, men kvar gong ein person har besøkt kyrkja i høve arrangement. Dette fortel at arbeidet i kyrkja femner vidt.
Les årsmeldinga 2017 for Hareid sokn: https://kyrkja.no/globalassets/fellesrad/hareid/dokumenter/arsmote/arsmelding-hareid-sokn-2017.pdf