Hareid og Ulstein skil seg frå den nasjonale utviklinga i høve dåp

Tala på døypte i kyrkjene i Hareid og Ulstein gjekk opp i 2017. I fjor vart det 7 fleire dåp i Hareid og 14 fleire dåp i Ulstein.

Første gong det har vore dåp på Melshornet: Sokneprest Leidulv Ø. Grimstad døypte tvillingparet Aksel og Josefine Belelli-Pilskog på Melshornet 2. pinsedag i 2017

Hareid sokn har ein aktiv kyrkjelyd og gode tradisjonar for dåp. Det er mange frivillige og eit godt samarbeid mellom soknet og dei frivillige, noko som er med på å skape ein levande kyrkjelyd. Av kyrkjelydsarbeidet må nemnast det breie trusopplæringsarbeidet som femner alle årstrinn frå 0-18 år, som er eit omfattande og førebyggande arbeid i trygge og rusfrie miljø.

Les nyhetssak frå Vikebladet om dei gode dåpstala:
http://www.vikebladet.no/nyhende/2018/03/20/Hareid-og-Ulstein-skil-seg-fr%C3%A5-den-nasjonale-utviklinga-16325761.ece

22.000 over kyrkjedørstokken i Hareid i 2017
Mange av aktivitetane til Hareid sokn skjer i kyrkja, som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året. I 2017 var det om lag 22 000 som gjekk over kyrkjedørstokken, noko som i gjennomsnitt utgjer om lag 1800 kvar månad. Talet er ikkje enkeltpersonar, men kvar gong ein person har besøkt kyrkja i høve arrangement. Dette fortel at arbeidet i kyrkja femner vidt.

Les årsmeldinga 2017 for Hareid sokn: https://kyrkja.no/globalassets/fellesrad/hareid/dokumenter/arsmote/arsmelding-hareid-sokn-2017.pdf

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"