Vi har fått kyrkjelydshus!

Etter fleire år med vurderingar, samtalar og forhandlingar er det no endeleg klart for å seie at soknet har fått kyrkjelydshus! Stor takk til Hareid KFUK-KFUM og Hareid Indremisjon for gåva!

Vi har fått kyrkjelydshus!

Huset ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet.

Det har i fleire år vore arbeidd i KFUK-M og Indremisjonen på Hareid for at soknet, om mulig, kan overta bedehuset til kyrkjelydshus. Soknet har på si side sagt at det må vere mulig å få bygd på huset for å inkludere kyrkjekontor dersom det skal vere mulig å ta over huset. No er alle forutsetningane på plass.

Hareid sokn er ein viktig, lokal samfunnsbyggjar, og eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus vert ein møteplass open for alle – og vil bidra til å skape eit meir levande sentrum, noko som det jobbast med i Hareid kommune.
Hareid Frivilligsentral, som er eig av Hareid sokn, har og mange aktivitetar som går føre seg i dagens kontorlokaler. Aktivitetane går føre seg både dagtid og kveldstid. Frivilligsentralen gler seg over meir areal til dette viktige, sosiale entreprenørskap i Hareid kommune. Det vil og vere ein positiv gevinst med nærleik til Brukt & Billig butikken som er dreven av Frivilligsentralen, og som ligg like ved kyrkjelydshuset. Miljøgata og utearealet gir oss også nye muligheiter til aktivitet.

Dei andre aktivitetane som allereie er på huset vil sjølvsagt også få tilgang for vidare bruk, mellom anna KFUK/KFUM som driv Speidaren, Ten Sing, samt andre korøvingar og møteaktivitet.

Eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus kan leigast ut til ulike arrangement som selskap, konfirmasjon, minnesamvær ved gravferd, med tilgjengeleg storkjøkken for dei som ønskjer det.

Alle nødvendige dokument er no signert.
Soknet har mange planar for bruken av huset og vil kome tilbake med det litt etter kvart.
Frå 1.januar vil vi ta det meir i bruk til soknet sitt eige arbeid i tillegg til ordinær utleige.

Avtalar om all bruk og leige av huset kan ein gjere gjennom kyrkjekontoret.
I løpet av kort tid vil det kome ei brosjyre i postkassa di. Vi håper at så mange som mulig vil vere med å støtte innsamlingsaksjonen!

 

Les meir: https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/nyhende/kyrkjelydshus/

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"