KYRKJELYDSHUS I HAREID?

Hareid sokn har fått tilbod frå eigarane av bedehuset, om å vederlagsfritt ta over Hareid bedehus til kyrkjelydshus i sentrum. Hareid sokn jobbar med saka, og det er Hareid kyrkjelege fellesråd som skal gjere endeleg vedtak.

Arkitektskisse utarbeidd av Bucci/Georg Grimstad i samråd med Hareid sokn, er eit reelt eksempel på korleis ei kontorfløy inntil bedehuset kan sjå ut.

Eit eventuelt kyrkjelydshus er tenkt som eit fleirbrukshus i kombinasjon med kyrkja, og vil vere ideelt for mange av aktivitetande til Hareid sokn.

Soknet har eit omfattande tilbod for barn og unge som femnar alle årstrinn frå 0-18 år. Delar av dette arbeidet kan med fordel flyttast til eit meir egna lokale i mange samanheng, til dømes bedehuset. Det er utfordrande å utvikle aktivitetar og nye tiltak i kyrkja, men i eit eventuelt kyrkjelydshus vil ein kunne samle fleire av tiltaka under same tak og kanskje utvide og invitere til nye tiltak. Kyrkja vil framleis nyttast til aktivitetar i kombinasjon med eit kyrkjelydshus.
Hareid Frivilligsentral, som eigast av Hareid sokn, har og mange aktivitetar som går føre seg i dagens kontorlokaler. Aktivitetane er både på dag- og kveldstid. Frivilligsentralen skulle gjerne hatt meir areal til dette viktige, sosiale entreprenørskap i Hareid kommune. Det vil og vere ein positiv gevinst med nærleik til Brukt & Billig butikken som drivast av Frivilligsentralen, og som ligg like ved bedehuset.

Et meir levande sentrum
Hareid bedehus ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet. Hareid sokn er ein viktig, lokal samfunnsbyggjar, og eit eventuelt kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus vil vere ein møteplass open for alle – og vil kunne bidra til å skape eit meir levande sentrum, noko som det jobbast med i Hareid kommune.

Dei andre aktivitetane som allereie er på bedehuset må sjølvsagt også få tilgang, mellom anna KFUK/KFUM som driv Speidaren, Ten Sing og Tweens, samt andre korps- og korøvingar.
Eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus kan leigast ut til andre ulike arrangement som selskap, konfirmasjon, minnesamvær gravferd, med tilgjengeleg storkjøkken for dei som ønskjer det. Ei eventuell overtaking av bedehuset vil og sikre ei oppgradering av eksisterande bygg og vedlikehald av bygget som er ein sentral del av sentrum. Ikkje minst vil det vere ein driftsorganisasjon på plass, ved at Hareid sokn aktivt tar huset i bruk gjennom heile året.

Ny kontorfløy
Ein føresetnad for å overta bedehuset til kyrkjelydshus, må vere at det i planlegginga medreknast eit nytt tilbygg til kontor for dei tilsette. I dag leiger Hareid sokn kontorlokaler på Rådhusplassen. Egna kontorplassar vil ikkje kunne stettast i eksisterande bedehus. I tillegg må det gjerast tiltak for å få bygget i ein betre tilstand.

 Hareid sokn jobbar med å få eit kostnadsoverslag og ei oversikt om ei overtaking vil vere realistisk å gjennomføre i høve reguleringar, bruk, drift og finansiering. Det er Hareid kyrkjelege fellesråd som vil gjere endeleg vedtak om ei eventuell overtaking av Hareid bedehus.

22.000 - dørstokktelling i kyrkja 2017
Mange av aktivitetane til Hareid sokn skjer i kyrkja, som er i bruk nesten kvar dag gjennom heile året. I 2017 vart det gjort ei telling, der talet kom på om lag 22.000 som gjekk over kyrkjedørstokken, noko som i gjennomsnitt utgjer om lag 1800 kvar månad. Talet er ikkje enkeltpersonar, men kvar gong ein person har besøkt kyrkja. Dette fortel at arbeidet i kyrkja femner vidt og at kyrkja blir mykje brukt, sjølv om nokre av aktivitetane med fordel kan flyttast til eit meir egna lokale i mange samanheng.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"