Hareid sokn søkjer etter kyrkjetenar- & kyrkjegardsarbeidar 100%

Vil du bli med på laget i Hareid sokn? Søknadsfrist: 25. november 2018. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.

STABEN: Frå venstre bak: Bjarte Sunde (kyrkje- og kyrkjegardsarbeidar), Heidi P. Kvalsvik (leiar Hareid Frivilligsentral), Ida Teige (kantor/organist), Eli-Sølvi Jønsson (sekretær/medarbeidar i trusopplæringa), Leidulv Ø. Grimstad (sokneprest). Frå venstre forran: Bente Andreassen Pilskog (kyrkjeverje/dagleg leiar) og Barbro Landmark (kyrkjelydspedagog). I tillegg: Anvor Sukka deltid/medhjelpar i trusopplæringa (ikkje er med på biletet)

Hareid sokn ligg i Hareid kommune i Møre og Romsdal, og har om lag 5200 innbyggarar, fordelt i fire krinsar. Kommunen ligg på øya Hareidlandet like sør for Ålesund, og har fine turområde med fjell og sjø lett tilgjengeleg. Kommunen har eit godt utbygd servicetilbod og eit aktivt kulturliv, der m.a. idrett, korps og korsong står sentralt. Frå Hareid sentrum er det gode båt- og ferjesamband nordover til Ålesundsområdet, der også Ålesund lufthamn Vigra ligg. Det tek 40 minutt med hurtigbåt og buss til Vigra, og til Ørsta-Volda lufthamn Hovden tek det 40 minutt med bil. Hareid kommune ligg sentralt plassert i regionen.

Hareid sokn har ledig stilling som 

Kyrkjetenar- & kyrkjegardsarbeidar 100%

Arbeidsoppgåver:
-teknisk/praktisk førebuing og gjennomføring av gudstenester, gravferder og vigsler
-reinhald og vedlikehald i kyrkja og eksisterande bygg
-ajourføring av gravprotokoll og gravkart
-yte service til dei som nyttar kyrkjegarden
-nødvendig stell og vedlikehald av kyrkjegarden inkl. maskiner, reiskapar og bygningar
-søkjar må rekne med kvelds og helgearbeid

Vi søkjer etter ein person med:
-relevant kompetanse eller yrkeserfaring
-evne til å arbeide sjølvstendig
-evne til å kommunisere godt med brukarar av kyrkja og kyrkjegarden
-anlegg for praktisk arbeid
-gode samarbeidsevner

Vilkår:
-løn og arbeidsvilkår etter avtale
-pensjonsordning i KLP
-tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtalar og gjeldande regelverk
-førarkort klasse BE, det er ønskjeleg med maskinførarbevis for gravemaskin og at du kan disponere eigen bil
-medlemskap i Den norske kyrkja
-den som vert tilsett må legge fram politiattest
-opplæring vil bli gitt

Søknadsfrist: 25. november 2018

Kontakt: Dagleg leiar/kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog, tlf. 70 09 51 30 for meir informasjon.

Søknad med CV kan sendast pr. e-post til: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

I Hareid sokn er det ei kyrkje, med ein kyrkjegard. Staben held til i lokale like ved Hareid kyrkje og rådhuset i Hareid sentrum, kyrkje og kyrkjegardsarbeidaren har kontor knytt til driftsbygget på kyrkjegarden. Ein vil ein kome til ein erfaren stab som er sett saman av kyrkjeverje, sokneprest, kantor, kyrkjelydspedagog, medarbeidar i trusopplæringa/sekretær, kyrkje- og kyrkjegardsarbeidarar, og dagleg leiar for Hareid Frivilligsentral.  Hareid sokn eig og driv Frivilligsentralen som har eit omfattande arbeid i bygda med bl.a. ein godt innarbeidd bruktbutikk, og bidreg med viktig, sosialt entreprenørskap.

Hareid kyrkje er frå 1877 og ligg i Hareid sentrum med ein utvida og ny kyrkjegard rundt kyrkja. Kyrkja er dagleg i bruk til ulike grupper og er godt forankra i bygda. Det er vanlegvis gudsteneste kvar søndag. Hareid sokn har gjennom fleire år bygd opp eit mangfaldig trusopplæringstilbod som no omfattar aldersgruppa 0-18 år. Mykje av dette arbeidet føregår i kyrkja, der 10 av tiltaka er knytt til gudstenester.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"