Min favoritt konsert 21.12.kl.21.

Vi gjentek suksessen frå i fjor! Mange flotte folk får presentere ein av sine favorittar til oss like fram mot julekvelden! Mange billetar er alt solgt!

Her er nokre av aktørane til årets Min favoritt konsert

For andre gong inviterer vi til konsert i kyrkja nokre dagar før julaftan. Vi er i ferd med å lage oss ein god tradisjon for kveldskonsert 21.desember kl.21.  Søndagen før har vi også to flotte konsertar i kyrkja, med alle kora og korpsa i kommuna. Så det er mykje å glede seg over heilt inn i juledagane.

Vi har så mange flinke folk i Hareid som kan, og vil vere med å bidra til denne konserten. Alle aktørane er frå Hareid og nesten alle bur i Hareid kommune. Vi er heldige med så mange talentfulle flotte folk blant oss!

I år vil vi høyre mest kvinnestemmer. Vi får mest soloinnslag, ein duett og ei gruppe. Og ikkje minst har vi eit instrumentalt innslag frå Olav Egge Brandal.
Dette blir ei flott oppleving,- det er i alle fall heilt sikkert!

Flinke musikarar stiller også, og vi skal ha allsong. Her er det berre å sikre seg ein billett i tide!

Vi gjer som i fjor; merkar benkane med nr.og du får tilvist rett benk når du kjem i kyrkja.
Ynskjer du  å site langt framme? Ja, då må du vere snar, for dei billettane går sjølvsagt først ut!

Det kostar kr.200,- på førehand (på Trådkråa og kyrkjekontoret) Kjøper du i døra, dersom det er meir igjen, stig prisen til kr.250,-

Alt overskotet av konserten går til Kyrkjelydshus.

Desse aktørane er med under årets konsert:

Vilde Amalie Antzenberger, Lovise Yri, Wenche Iren Roppen, Vibeke Holstad, Sissel Antia Riise, Eileen Hareide Brandal, Johannes Bjåstad, Ingmar Mork, Ingvild Brandal Mork, Tina Brandal, Olav Egge Brandal, Markus Bjørlykke, Hege Holstad og Bård Grimstad.

I bandet har vi:

Ida Teige orkesterleiar, Lill Marhe Apelseth, John Arne Apelseth, Markus Moltumyr, Johannes Bjåstad, Unni Apelseth, Ingvild Kirkebø, Vegard Topphol, Svenning Veiseth,

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"