Oppdaterte smittevernreglar frå 20. juni 2021

Regjeringa har sett i gang trinn tre i gjenopningsprosessen. Hareid kommune har ikkje strengare reglar eller tiltak, og vi følgjer derfor dei nasjonale råda og reglane.

Hareid kyrkje sommaren 2021. Foto: Hareid sokn

Dei nye nasjonale tiltaka opnar for at det er tillatt med inntil 400 personar fordelt på to korhortar à 200 personar på arrangement, utan faste tilviste plassar innandørs.

Vi presiserer at Hareid kyrkje er for lita til å få plass til 400 personar med 1 meter avstand mellom kohortane! Våre anbefalingar er maks 100 personar i vår kyrkje, slik at avstandsreglane kan overhaldast.

Besøkande i kyrkja må sitte på sin plass under heile arrangementet (ikkje v/nattverd). Vi anbefaler munnbind på stader ein ikkje klarer å overhalde 1 meter avstand.

For at vi skal kunne halde fram med dette, er vi avhengige av at vi ikkje får lokale utbrot. Faren for det er ikkje over. Vi må derfor minne alle om å halde dei gode smittevernråda:

  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Hald minst 1 meter avstand til dei du ikkje er i same korhort med
  • Vaske hendene ofte og grundig med vatn og såpe (evt. sprit)

Dei nye smittevernreglane gjeld frå 20. juni kl 12 og inntil vidare. Reglane kan på kort tid endre seg, vi oppdaterer fortløpande.

GUDSTENESTANE er ope for deltakande og ein treng ikkje melde seg på for å ta del på ordinære gudstenester. Etter håndvask/spriting av hender, skriv du deg på deltakarlista (navn, mobilnr. og bukommune), og finn deg plass i kyrkjebenkane - der du må sitte under heile arrangementet (forutan ved nattverd).
Ber om å møte i god til til kyrkje, slik at ein unngår fortetning ved inngang.
Nattverd: Ved nattverd vil prest og kyrkjevertar bidra med å tilrettelegge for at smittevernreglane overholdast.
Streaming: Gudstenestane blir også direktesendt på Hareid kyrkje si Facebook-side og til Hadartun sin kyrkjekanal på TV.

GRAVFERDER: Vi bereknar at det vil vere plass til maks 100 personar i Hareid kyrkje med 1 meter avstand mellom kohortane. Størrelsane på kohortane kan variere og difor denne anbefaling.
Deltakerliste: Dialog mellom pårørande, gravferdsbyrå og kyrkjekontoret er viktig i høve deltakarliste. Vi treng deltakarliste frå dei pårørande seinast kl 12 dagen før gravferda, som er merka med kohortar. Lista vil bli oppbevart for eventuell smittesporing og makulerast etter 14 dagar.

Smittevernreglane er lik både inne i kyrkja og ute ved grava.
Myndighetene anbefaler at personar frå kommunar med høg smitte, ikkje tek del på arrangement i andre kommunar. Denne anbefalinga gjeld også ved gravferd.

VIGSEL OG DÅP gjennomførast etter gjeldande smittevern-reglar.

BARNE- OG UNGDOMSARBEID gjennomførast innanfor trafikklysmodellen.

OFFENTLEGE ARRANGEMENT:
Inntil 400 personar på arrangement UTAN faste tilviste plassar, med 1 meter avstand mellom kohortane (nasjonale råd).  
Det er framleis 1 meter avstand også ved fellessong (2 meter gjeld kun kommuner med forhøya smittenivå).

PRIVATE ARRANGEMENT (MINNESTUND, SELSKAP, O.L.)
Inntil 100 personar UTAN faste tilviste plassar og med gjeldande smittevernreglar (nasjonale råd).

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"