Saman som kyrkje i heile verda

Hareid sokn er med på aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda" som er ein årleg aksjon for misjonssolidaritet for å styrke vårt misjonsprosjekt i Thailand.

Saman som kyrkje i heile verda
Kyrkjelyden vår har eit misjonsprosjekt som støtter Det Norske Misjonsselskap sitt arbeid med barn og utdanning i Thailand. Du kan altso vere med å støtte dei som ikkje har det så godt som oss, å vere "saman som kyrkje i heile verda".

I avtalen har vi forplikta oss til å samle inn minimum kr. 40.000,- kvar år, og dette har vi klart kvar gong takka vere stor gjevarglede i kyrkjelyden på Hareid. Vi har ulike arrangement kvart år, der inntekta går til prosjektet. Til dømes misjonssøndag på Holesanden og "Middag og misjon" på kyrkjelydshuset. Gjennom trusopplæringa har 10-åringane misjon som tema på hausten og konfirmantane i november, m.m. Her gjer misjonsutvalet vårt ein særs viktig jobb.

Også vår Frivilligsentralen stårt sentralt i vårt diakonale arbeid og har som mål å knyte saman menneske og vere eit samlingspunkt der alle som er innom frivilligsentralen kan føle at dei kan vere noko for andre.
"Sammen som kirke i hele verden" er ein årleg aksjon for misjonssolidaritet for å styrke kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt. Aksjonen går inn i misjonsansvaret knytta til SMM sine organisasjonar og eit verdsomfattande nettverk av søsterkyrkjer.

Bli med å dele og bli med å gi! Saman viser vi misjonssolidaritet!
Dette kan du gjere ved å vippse til Hareid sokn 16290, hugs å merke med "misjonsprosjektet". Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss på kyrkjekontoret tlf 70095130.


Leiar i misjonsutvalet, Jahn Kjell Fjørtoft, seier at vi i dei siste åra har samla inn følgande til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Thailand:

2018: Litt over kr 77.000 (inkl. faste givarar direkte til NMS).
2019: Litt over kr 49.000 (faste givarar direkte til NMS - kjem i tillegg).
2020: Litt over kr 63.000 (inkl faste givarar direkte til NMS) då var Holesanden og Middag & misjon avlyst. Blei innsamling via loddbøker, offer og kyrkjekaffi, samt nokre store enkeltgåver.
2021: Litt over kr 73.000 (inkl. faste givarar direkte til NMS).

Vi takkar alle som bidreg med støtte til prosjektet.
Vi fortsett arbeidet vårt i Thailand - Saman som kyrkje i heile verda!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"