Søkjer ny sokneprest i Hareid

Vår sokneprest gjennom dei siste tre åra, Leidulv Ø. Grimstad, vel å gå av med pensjon frå sommaren 2019. Grimstad har vore sokneprest i Hareid i 3 år, og vel å gå av med pensjon då han passerer aldersgrensa og blir 68 år i mars til neste år. Stillingsannonse og korleis du kan søkje, finn du lenger ned på sida. Søknadsfrist 01.01.2019.

Hareid kyrkje. "Slik skal lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang". Foto: Stig Hole

Vi annonserer dette allereie no, då vi ønskjer å kome tidleg i gong med å søkje etter ny sokneprest.

Film/presentasjon Hareid sokn: https://www.youtube.com/watch?v=v-AL-cNdqmI

Hareid sokn fell saman med Hareid kommune og Hareid fellesrådsområde. Prostiet er tenestedistrikt. Prestane i prostiet møtes regelmessig til kollega- og fagsamlingar. Soknepresten har sete i Hareid sokneråd, som også har fellesrådsfunksjonar. Soknepresten i Hareid har nært samarbeid med soknepresten i nabosoknet Ulstein, der det også er knytt ein kapellan til området. Dei tre prestane deler tenesteveker og andre oppgåver seg imellom.

HAREID SOKN
Kyrkjekontoret har lokale like ved kyrkja og rådhuset i Hareid sentrum. Presten vil kome til ein erfaren stab som er sett saman av kyrkjeverje, sokneprest, kantor, kyrkjelydspedagog, medarbeidar i trusopplæringa/sekretær, kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar og dagleg leiar for Hareid Frivilligsentral. Hareid sokn eig og driv Frivilligsentralen som har eit omfattande arbeid i bygda med ml.a. ein godt innarbeidd bruktbutikk, og bidreg med viktig, sosialt entreprenørskap. Vi har også eit samarbeid med KFUK/M om ungdomsarbeidar i deltidsstilling.

EIN AKTIV KYRKJELYD
Hareid kyrkje er frå 1877 og ligg i Hareid sentrum med ein utvida og ny kyrkjegard rundt kyrkja. Mange av aktivitetane til soknet skjer i kyrkja, som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året. Kyrkja er godt forankra i bygda og det er vanlegvis gudsteneste kvar søndag. Hareid sokn har gjennom fleire år bygd opp eit mangfaldig trusopplæringstilbod som omfattar aldersgruppa 0-18 år. Mykje av dette arbeidet føregår i kyrkja, der 10 av tiltaka er knytt til gudstenester. For dette arbeidet fekk soknet tildelt trusopplæringsprisen i 2014. Årsstatisikk for 2017 viser 56 dåp, 5 vigsler og 47 gravferder. Gjennom ei telling same år var det om lag 22.000 som gjekk over kyrkjedørstokken - talet er ikkje unike personer, men kvar gong ein person har besøkt kyrkja. Dette fortel at arbeidet i kyrkja femnar vidt.

Kyrkja og organisasjonsarbeidet, både det humanitære og kristne, har tradisjonelt stått sterkt i kommunen og har samarbeida godt. Her er fleire misjonsforeiningar, samtalegrupper og bibelgrupper. Hareid KFUK/M driv speidararbeid og Ten-Sing kor med band. Soknet har og eit nært og godt samarbeid med skular og barnehagar, frivillige og kulturelle lag.
Velkomen til Hareid!

SJÅ ANNONSE: https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3970874675&company_id=325350178&culture_id=NN-NO

FOR Å SØKJE PÅ STILLINGA:  https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=3970874675&company_id=325350178&culture_id=NN-NO

 

KONTAKTINFORMASJON:
Ingeborg Matre, prost: Mob. 488 94 197
Alice Elnes, personalsjef: Mob. 959 01 091

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"