Aktivt med på Hareidsstemna

Tradisjonen tru tek vi del på Hareidsstemna med både hausttakkefest med internasjonal middag (14/10), Hareid Ten Sing opptrer på stemnefesten laurdag (20/10), og tilslutt festgudsteneste i Hareid kyrkje søndag 21. oktober.

Hareid Ten Sing under øving denne veka, dei har også eit eiga band. Ønskjer du å vere med, er det berre å møte kvar tysdag på bedehuset.
Hareidsstemna er ein kulturfest som går av stabelen kvart år i oktober, der det arrangerast konsertar, kunstutstilling og kulturarrangement av ymse slag.
Hareid Ten Sing tek del på stemnefesten laurdag 20. oktober:
Dette er ungdomar som i fellesskap møtast for å synge, spele i band, danse, og bli kjent med andre ungdomar. Dei er kreativ saman og tek del på ulike arrangement gjennom året, og i år tek dei del på mellom anna Hareidsstemnefesten.  Dei har øving kvar tysdag 19.30-21.30 på Hareid bedehus, har du lyst til å vere med er det berre å kome. Hareid Ten Sing er i regi av KFUK-KFUM, og vaksenleiar er Guro Topphol (22). Kom å bli med!

Festgudsteneste i Hareid kyrkje søndag 21. oktober:
Kvart år gjestar 50-årskonfirmantane Hareid kyrkje under Hareidsstemna, saman med årets konfirmantar - til ein festgudsteneste, der også Hareid kammerkor tek del. Offeret går til årets TV-aksjon og Kirkens Bymisjon, for eit varmare samfunn. Her vil også Ragnhild Blindheim synge "Til deg" som Kirkens Bymisjon nyttar som kjenningsmelodi til TV-aksjonen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"