Vil du hjelpe flyktningane?

Vil du hjelpe? Hareid sokn skal vere ansvarlig for innsamlingsdelen av klede og utstyr og vi treng frivillige nokre timar til ulike tider for å bidra med dette. Er du ein av dei? Ta kontakt med kyrkjekontoret eller SMS 92090174. Dette er eit samarbeid mellom Hareid Sokn, Hareid sanitetslag, Sørøyane Røde krs, Hareid kommune og frivillige.

Vil du hjelpe flyktningane?

Informasjon oppdaterast fortløpande på denne link:
Link til informasjon på Hareid kommune si heimeside

 

Klede, leikar og anna utstyr

Vi har oppretta ein sentral for innlevering og utlevering av klede, leiker og anna utstyr. Sentralen er eit samarbeid mellom Hareid Sokn, Hareid sanitetslag, Sørøyane Røde kors og Hareid kommune.

Vi annonserer opningstider etterkvart, det har foreløpig kome inn veldig mykje, og vi treng i denne omgang ikkje barnekle under 5 år. 
Kom gjerne innom med det du har måndag 02.mai frå klokka 17-19.

Stad: Intership sine gamle lokale i Strandgata 85 («Nordea-bygget»)

Klede og ustyr må aldri settast igjen utanfor lokalet når det ikkje er ope.

På denne sida vil vi fortløpande leggje ut om det er enkelte storleikar og anna utstyr som det er manko på og kva vi har nok av. 

Klede

Klede: Vi treng klede til barn og vaksne i alle aldrar. Det er mykje kvinner og barn som kjem, så herreklede er mindre aktuelt.

MERK: 

  • Kleda og skoa må vere heile og reine. Dei må vere bra nok til at du kunne ha brukt dei sjølv.
  • Alt må sorterast og merkast etter kjønn og storleik. Du kan godt levere i plastsekk eller kasser, men kvar enkel storleik/kjønn må ligge i separate posar eller liknande.
  • Namnelappar må fjernast.

 

Leiker

  • Leiker må vere heile, nyvaska og funksjonelle.
  • Sparkesyklar og syklar (barn) er noko vi veit er etterspurd. Desse må vere brukbare og ha fungerande bremser mm. Vi har ikkje sykkelmekanikar/teknikar eller andre som kan reparere. Gjerne også sykkel til ungdom/vaksne, men desse skal leverast direkte til hotellet.

 

Anna utstyr

  • Koffert og beggar er det stort behov for.

 

Kontaktinformasjon:
Hareid sokn

Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no
Telefon kontoret: 70095134
SMS: 92090174

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"