Kyrkjebygningen

Den nye Hareidskyrkja vart bygd etter Ørsta kyrkja sine teikningar, med visse forandringar, som byggenemnda fann nødvendig. Også kyrkja på Vartdal er bygd etter desse teikningane.

Kyrkjebygningen

Stilarten vert kalla "nygotisk". Med alle sine romanske bogar kunn ein kanskje også seie at Hareid kyrkje er bygd i "nyromansk" stil. Ho vart vigsla 13. desember 1877 av sokneprest Christian Wisløff.

Kyrkja hadde vore heimsøkt av lyn-nedslag 3. januar 1902, men skadene vart utbetra. Seinare er det verdt å nemne den omfattande storvølinga 1952, då kyrkja vart måla utvendig og mykje treverk vart skifta ut. Elles vart det utført mykje arbeid til 100-årsjubileet i 1977 og i perioden 2019-2022 fekk kyrkja eit stort løft med miljøvennlege oppgraderingar, som nytt golv og varmesystem m.m. (les meir nedanfor). Som for alle verneverdige kyrkjer, måtte alt godkjennast av riksantikvar og biskop. Kyrkja har sitjeplass til omlag 380 menneske.

Det eldste vi kjenner til var ei stavkyrkje, som brann ned etter lyn-nedslag 25. februar 1806. Kanskje vart denne kyrkja bygd på 1200-talet - og kanskje har her vore kristne gudshus på Hareid før det også. Stavkyrkja på Hareid vart avløyst av ei "åttekant-kyrkje" i 1807, teikna av sokneprest i Hareid og Ulstein, Peder Thomas Buschmann. 99 personar, av desse 2 kvinner, eigde kyrkja. "Åttekant-kyrkja" vart ståande i 70 år. Med tida tok ho til å sige av lage og med 33 mot 7 røyster vart det vedteke å rive og bygge nytt, og no skulle heile soknet eige kyrkja.

 

Stor omfattande renovering 2019-2022
I perioden 2019-2022 var det på nytt gjort eit større renoveringsprosjekt. Kyrkjegolvet frå 1977 vart fjerna og nytt furugolv i same dimensjon som det opphavelege vart lagt oppå det gamle, nye golv i sakristia og våpenhus, nytt miljøvennleg oppvarmingssystem (ut med røromnane) inklusiv nytt luftfuktingsanlegg, ny kjøkenkrok i dåpssakristiet, 30 nye stolar framme i kyrkjerommet gir fleksibilietet, ombygd våpenhus med universelt toalett og vaskerom/lager, fiber/Wi-fi/internett, nytt teknisk anlegg lyd/bilde og videokamera for videooverføring til bebuarane på institusjon og på nett, solskjerming i kyrkjerommet, oppgradering av brannalarmanlegg, oppgradering av eksisterande sprinkleranlegg også tilført i våpenhus, isolering av områda for vatninntak, utskifting av brista glas, delvis renovering av alle ytterdører, maling front kyrkjetårn, reparasjon råte/lekksaje tak over inngangsparti, delvis utskifting av utvendig bunnreim og litt bordkle ved dåpssakristiet, 4 nye led-lyskastarar utandørs lyser opp kyrkja og to kulturhistorisk informasjonsskilt er plassert ved kyrkja.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"