Informasjon frå kyrkjekontoret ved dødsfall

Vår djupaste medkjensle i sorga. Vanlegvis vil tida etter eit dødsfall vere fylt av sorg, fortviling og mange minne. Samstundes skal de planlegge gravferda. For å sitje att med ei kjensle av å fått gjort ting på ein best mogleg måte er det viktig at de brukar den tida som de kjenner at de treng til planlegginga.

Informasjon frå kyrkjekontoret ved dødsfall

Melding om dødsfall

Dødsfallet må stadfestast av ein lege. Skjer dødsfallet på sjukehus eller institusjon så vil dette gå automatisk. Dødsfallet skal vidare meldast til det lokale politikontoret og til tingretten. Det er vanlegvis legen som stadfester dødsfallet eller gravferdsbyrået som sender inn melding.

Kyrkjekontoret må kontaktast (anten av pårørande eller byrå) for å avklare tidspunkt for gravferd dersom familien ynskjer kyrkjeleg gravferd.

Det er kyrkelova som regulerer kven som har rett til å sørgje for gravferda.

Avtale gravferdsdag

For mange er det viktig å få avtalt tidspunkt for gravferda tidleg. Gravferda skal normalt gjennomførast seinast ti yrkesdagar etter dødsfall. Tidspunkt for gravferda vert avtalt  med kyrkjeverja.

Om ein ikkje ynskjer kyrkjeleg gravferd, vil ein uansett ha rett til grav på gravplassen og kyrkjekontoret vil legge til rette for at andre trussamfunn kan få ivareteke sine skikkar ved nedsetting av kiste eller urne.

Me har ulike kyrkjelege seremoniar: 

Gravferd: Ved den tradisjonelle gravferda vert kista etter seremonien i kyrkja ført til gravplassen for jordpåkasting og senking.

Bisetjing: Ei bisetjing er stort sett det same som ei vanleg gravferd, men utan jordfesting. Jordpåkastinga skjer her inne i kyrkja før kista vert frakta til eit krematorium.

Urnenedsetjing: Urnenedsetjing er ein enkel seremoni der pårørande kan delta, evt. med minneord, song eller liknande. Ved urnenedsetjing vert pårørande oftast følgde til grava av kyrkjetenar eller annan kyrkjeleg tilsett. Ynskjer ein at prest eller annan seremonileiar skal delta, må ein avtale dette med kyrkjekontoret.  Urna kan òg setjast ned av gravplassbetjening utan at pårørande er tilstades.  Urna skal setjast ned so tidleg som mogleg og seinast 6 månadar etter dødsfallet.

Urnegravferd: Her er seremonien lik som ei tradisjonell gravferd, men med ei urne i staden for ei kiste.

Val av grav

Val av gravplass vert føreteke i lag med kyrkjeverje eller kyrkjetenar. I dei tilfelle der ektefelle/sambuar er gravlagt tidlegare er det oftast festa ei grav ved sidan av.

I dei tilfella  det ikkje er festa grav på førehand,  så finn vi  saman  ei grav som kan passe. Gjerne i nærleiken av andre avdøde familiemedlemmar, dersom dette er eit ynskje frå dykk.

I Høyanger er fredingstida 30 år på graver som tidlegare er nytta til gravlegging. Det vil seie at det må gå 30 år før ei grav som tidlegare er brukt kan nyttast på ny. 

Samtale med presten

Kort tid etter dødsfallet er det vanleg å ha ein samtale med presten som skal ha gravfreda. Presten tek kontakt med dykk for  å gjere avtale, men det er òg høve til å ringe sjølve dersom de vil ha tildegare kontakt.

Ofte er samtalen i heimen til den som er død eller til næraste pårørande. Før samtalen finn stad, er det fint om de har notert ein del stikkord og årstal som er viktige for oppveksten og livet til den som er død.

Salmar/musikk

Presten vil samtale med dykk om salmar. Det er kyrkjekontoret som ordnar med organist til gravferda. Han spelar roleg musikk 15-20 minutt før gravferdsseremonien tek til, i tillegg til musikk til salmane. Det er òg mogleg for han til å spele musikkstykke på kyrkjeorgel dersom dette er ynskeleg.

Om de vil ha solosong eller andre instrument enn kyrkjeorgel så må de sjølve avtale dette med eventuelle personar som skal syngje eller spele.  Vi  kan syne til personar som tidlegare har sagt seg villig til å stille opp.

Kyrkjekontoret  trykkjer ikkje salmar. Gravferdsbyrå kan hjelpe til med dette. Det er òg høve til å nytte salmebok i staden for program.

Alle som er busette i kommunen har rett til gravplass.  Soknerådet har gitt løyve til at personar som ikkje er heimehøyrande i kommunen òg kan verte gravlagde her.  Ein må då betale avgift for gravferda.

For feste av grav eller for å behalde graver som er eldre enn 30 år må ein betale festeavgift.

Annonse

Dei fleste vel å annonsere dødsfallet i ei eller fleire aviser før gravferda finn stad. Annonseringa er de sjølve  ansvarleg for.

Minnestund/båreandakt            

Nokre vil halde minnestund/båreandakt før gravferda. Ei slik minnestund kan vere ei stille stund med berre familie/vener.  Under minnestunda kan kista vere open. Prest eller andre kan vere til stades dersom de ynskjer dette.

Bestilling av kiste

For å bestille kiste kan de kontakte gravferdsbyrå. Gravferdsbyrået vil køyre kista frå bårerommet til kyrkja gravferdsdagen. Gravferdsbyrået kan og bistå familien med andre oppgåver.

Blomar/pynting i kyrkja

For å ordne med kransar, bårebukettar og pynting med blomar i kyrkja så kan de ta kontakt med lokal blomsterbutikk eller  gravferdsbyrå. Det er òg mogleg å pynte kyrkja sjølve.

Gravferdsdagen

Det er vanlegvis dei pårørande samen med kyrkjetenar/byrå som ber kista inn i kyrkja. Tid for dette vert avtala med kyrkjekontoret eller med gravferdsbyrået der dei er engasjert.

Det er gjerne 1-2 personar, familie eller venner av den avdøde som deler ut salmane før gravferda tek til.

Om kransane/blomane skal bli lest opp under gravferda vert dette avtalt med presten.

Dersom nokon vil sei nokre minneord i kyrkja så ynskjer presten å få vite om det på førehand.

Kransar og blomar vert i samband med kisteutberinga teke med ut på grava.

Etter gravferda har funne stad

Rett etter at gravferda har funne stad vil grava bli grave igjen. Kyrkjetenaren gjer  avtale med dykk kva for kransar/blomar som skal følgje med i grava. Dei andre kransane/blomane vert plassert oppå gravhaugen. Ynskjer de å merke grava med eit trekross fram til gravstein vert sett opp, så må de bestille krossen sjølve. Me vil setje denne opp.

Etter nokre dagar vil kransane og blomane på gravhaugen byrje å visne. Det er pårørande sitt ansvar og ta vekk desse blomane. Ynskjer de at kyrkjetenarane skal ta vekk blomane så avtal dette med dei.

Minnesamvære

Eventuelt minnesamvær vert avtala direkte mellom pårørande og eventuelt selskapslokale. I nokre høve er presten med dersom dette er ynskje frå familien. 

Minnegåve

Nokre pårørande vil  at det i stadenfor blomar skal gjevast ei gåve til eit formål. Pengane set pårørande eller byrået  inn på kontoen til den organisasjonen som skal få gåva.

Gravminne

Det bør gå minimum 6 månader før gravhaugen vert fjerna og det er ynskjeleg at gravminne ikkje vert sett opp før det er gått like lang tid. Dette er fordi jorda må få tid til å ”sette seg”.   Vert gravminne sett opp for tidleg vil det ofte synke og verte skeivt etter kort tid.

Det er mange ulike firma som sel gravminne. Firma som sel gravminne i Høyanger skal ha løyve til dette av soknerådet. Det kan vere eit  føremon å velje eit firma som monterer og  har ettersyn med gravminne dei første par åra.

Før gravminne kan setjast opp skal kyrkjeverja godkjenne det. Det er forskrifter til kyrkjegardslova og lokale kyrkjegardsvedtekter som regulerer vilkår for utsjåande og dimensjonar i høve gravminne. Det er vanlegvis firma som sel gravminne som òg syter for å få det godkjend. 

Festar av grava er i saman med andre pårørande ansvarleg for å sjå til at gravminne er forsvarleg sikra til ein kvar tid. Kyrkjeverja vil ta kontakt med festar dersom det oppstår situasjonar (vi har mellom anna opplevd at gravminne bles ned) som gjer at gravminne må utbetrast.

Kostnad

Kyrkjelydskontoret tek ikkje betalt for sine tenester. NAV kan dekke nokre av kostnadane til kiste og transport av denne, ta kontakt med dei for meir informasjon eller gå inn på www.nav.no.

Nøl ikkje med å ta kontakt om de har spørsmål. Det gjer ingenting om de  ringjer fleire gonger. Me vil så langt råd  svara på spørsmål om store og små problem.

Faldaren

Nokre gonger i livet kan me oppleva det vonde å mista ein eller ei av våre aller næraste. Då er det ikkje alltid enkelt å vita kva me skal gjera av praktiske gjeremål.

 
Høyanger kyrkje har utarbeidd ein faldar til deg som treng rettleiing ved dødsfall i familien. Faldaren får du på kyrkjekontoret, legekontoret og på Bygdaheimen. Du kan også lese faldaren ved å klikke på dokumet link under. 
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Åpningstider resepsjon:
Tirsdag- Torsdag
kl. 09.00-14.00 

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Mob: 404 58 649

Telefontider:
Tirsdag-torsdag
kl. 09.00-14.00

Ansvarlig redaktør:
Stig Jonny Fitje

Digital redaktør:

M Ali Kharrat

Profilbildar:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"