Ofte stilte spørsmål

I samband med gravferd, er det ofte ei rekkje ting ein lurar på. Vi har her samla ein del av dei spørsmåla som oftast går igjen ved henvendingar til oss på kyrkjekontoret.

1. Kva tid blir gravferda?
2. Kan me få velje prest?
3. Kan ein bruke musikk frå CD eller anna innspeling under gravferda?
4. Kva for salmar kan me bruke?
5. Når skal kista berast inn i kyrkja og kven gjer dette?
6. Kor mange kransar/helsingar vert lesne opp under gravferda, og kven gjer dette?
7. Må gravferdsbyråa delta i kyrkja under seremonien?
8. Kven har rett til å ordne med ei gravferd?
9. Kven bestemmer kva gravplass som skal brukast?
10. Har alle rett på gravplass i kommunen?
11. Korleis vert ei grav greven opp?
12. Er det andre reglar for ei urnegrav enn for ei kistegrav?
13. Når kan ei urnenedsetjing skje?
14. Kvar kan eg kjøpe gravstein/gravminne og skal gravsteinen/gravminnet godkjennast?
15. Kan namnet på avdøde stå på ein gravstein ein annan stad enn der han fysisk er gravlagt?
16. Når kan me setje opp gravsteinen/gravminnet?
17. Kvar på grava skal gravminnet plasserast?
18. Kor stor kan ein gravstein vere?
19. Kva betyr festing av grav?
20. Kven kan vere festar?
21. Kor lenge kan ein feste ei grav?
22. Korleis er festereglane og kor mykje kostar det å feste ei grav?
23. Er tal graver lik tal gravsteinar?
24. Aukar festeavgifta etter kor mange som ligg gravlagt i ei grav?
25. Kor stor kan plantefeltet vere, og kva kan eg plante på ei grav?
26. Ansvar ved skader på grav eller gravutstyr.
27. Kva skjer med grava når festetida er ute og ein ikkje ynskjer å fornye denne?
28. Når blir ei grav freda?

1. KVA TID BLIR GRAVFERDA?

Tidspunkt for gravferda prøver kyrkjekontoret i samråd med deg som pårørande å fastsetje. Så langt det er råd prøver me å imøtekomme dei ynskja som du som pårørande har. Ikkje alltid er dette mogleg. Her må me ogso ta høgde for andre ting som skjer i kyrkja, og arbeidstid m.m. for dei tilsette. Etter lovverket skal gravferda skje innan ein periode på 10 virkedagar frå dødsfallet inntreff.

2. KAN ME FÅ VELJE PREST?

Nei, diverre. Dette er styrt av arbeidsplanar som er lagde på førehand.

3. KAN EIN BRUKE MUSIKK FRÅ CD ELLER ANNA INNSPELING UNDER GRAVFERDA?

Aller helst ynskjer me å unngå utstrakt bruk av ”ferdiginnspelt” musikk i kyrkja. Dette er fordi ein har erfart at dette ikkje fungerer like godt i ei kyrkje, som når du høyrer det same stykket heime i di eiga stove. Kyrkja har gode musikarar som gjerne legg ein ekstra innsats i å kunne framføre mykje ulik musikk. Ta gjerne kontakt med den organisten som skal spele i den aktuelle gravferda, og avtal direkte med han. Ofte kan ein saman finne gode løysingar, framfor å bruke musikk frå t.d. CD. Ein har heller ikkje eigna musikkanlegg i alle kyrkjene, som kan nyttast til å spele av ein CD.

4. KVA FOR SALMAR KAN ME BRUKE?

I salmeboka finn du mange ulike typar salmar. Er det ein av dei du likar særleg godt, er det ingen ting i vegen for å nytte den. Elles er organisten ein god person å drøfte salmeval med. Presten/diakonen kan du gjerne også spørje om råd når det gjeld salmeval. Mange brukar òg å sjå i gamle gravferds-songhefter som dei har tatt vare på frå andre gravferder. Dei kan også gi deg gode tips om kva salmar som kan høve.

5. NÅR SKAL KISTA BERAST INN I KYRKJA OG KVEN GJER DETTE?

Det er fint om kista kan berast inn i kyrkja 2,5 timar før gravferda tek til. Dette fordi de som pårørande då slepp presset med å bere inn kista etter at folk byrjar å komme til kyrkje. Mange møter opp tidleg til ei gravferd, og særleg i gravferder der ein ventar at mange vil fylgje.
Pynting med blomar, avtale om rekkefølgje på opplesing av blomehelsingar o.a. får ein då god tid til å gjere etterpå. De som pårørande får då òg ei roleg stund for dykk sjølve før gravferda tek til. Dei som bur nærme, tek seg kanskje ein tur heimom att for å finne roen der.
Ein treng 4-6 personar til å bere kista inn i kyrkja. Oftast er dette personar frå den nærmaste familie, men ein kan òg avtale med andre om å gjere dette. Det treng ikkje vere dei same personane som ber kista inn i kyrkja, som dei som ber kista ut til gravplassen.
Dei tilsette eller gravferdsbyrået kan også ordne med innbering av kista, dersom familien ikkje ynskjer å vere til stades eller komme seinare til seremonien.

6. KOR MANGE KRANSAR/HELSINGAR VERT LESNE OPP UNDER GRAVFERDA, OG KVEN GJER DETTE?

Dette kan du som pårørande avtale med presten/diakonen under samtalen. Har de som pårørande ynskje om sjølve å lese opp det som står på ein eller fleire av kransane, er dette berre fint. Ynskjer de då òg å seie fram nokre minneord, synge, spele eller liknande, er de velkomne til dette. Avtal gjerne med forrettande prest, diakon eller organist på førehand.
Her har det vore ein tradisjon at dei pårørande eller presten/diakonen les opp det som står på sløyfene på kransar og blomehelsingar. Kollegaer eller andre som ynskjer å komme med ei helsing gjer så dette i samband med at dei les sløyfa som står på blomehelsinga frå dei. Til slutt les forrettande prest/diakon opp dei resterande blomehelsingane som har sløyfe. Er det mange blomehelsingar kan ein òg gjere dette ved at presten/diakonen les opp frå korta som føl med. Dette er ofte ei meir roleg og fin måte å gjere det på, enn at kvar krans skal løftast opp.
Når gravferdsseremonien inne i kyrkja er over, er det fint om ein hjelper til å bere blomehelsingane med ut til grava.

7. MÅ GRAVFERDSBYRÅA DELTA I KYRKJA UNDER SEREMONIEN?

Nei. Kyrkja stiller med den bemanninga som trengs under seremonien.
I kyrkjene våre har ein katafalk og katafalkteppe (kistebenk og teppe), sjuarma lysestakar og anna utstyr ein nyttar under ei gravferd. Det er ein fin tradisjon å bruke det utstyret som høyrer til i kyrkja. Ein treng ikkje leige anna utstyr frå eit gravferdsbyrå om ein ikkje ynskjer det.
Kyrkjene har ikkje eigne stativ ein heng opp kransar på. Gravferdsbyråa eller blomeforretningar som pyntar i kyrkjene har eige utstyr til dette.

8. KVEN HAR RETT TIL Å ORDNE MED EI GRAVFERD?

Oftast er det ein eller fleire av dei nærmaste som saman vert einige om kven som gjer dette.
Dersom avdøde er over 18 år, kan han sjølv skriftleg fastsetje kven som skal ha rett til å sørgje for si eiga gravferd. Erklæringa må då vere underskriven og datert.
Dersom ein ikkje har skrive ein slik erklæring seier lovverket at avdøde sine pårørande over 18 år i fylgjande rekkefølgje skal ha rett til å sørgje for gravferda: ektefelle, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, søskens barn, og foreldres søsken.
Ved usemje mellom like nære pårørande, vil kommunen treffe dei nødvendige avgjerder. Avgjersla til kommunen kan ein då ikkje påklage.
Dersom ingen sørgjer for gravferda, skal den kommunen som avdøde hadde bustad i ved dødsfallet sørgje for dette. Dersom avdøde ikkje hadde bustad her i landet, skal den kommunen der dødsfallet finn stad, sørgje for gravferda. Kommunen kan krevje utgiftene ved gravferda dekka av dødsbuet.
Den som syter for gravferda bestemmer om det skal vere kistegravferd eller kremasjon med urnenedsetjing. Den som syter for gravferda er også den som bestemmer om det skal vere ei gravferdshandling og kva seremoni ein skal bruke (kyrkjeleg / borgarleg). Dei aller fleste vil nok søkje å rette seg etter ynske frå den avlidne, men det er altså den som syter for gravferda som bestemmer.

9. KVEN BESTEMMER KVA GRAVPLASS SOM SKAL BRUKAST?

Dette vert oftast bestemt i samråd mellom dei pårørande og kyrkjekontoret.

  • Bruk av ny gravplass: Har de ingen gravplass innanfor familien frå før, hjelper kyrkjekontoret dykk å finne ein høveleg ny gravplass de kan bruke. Ynskjer de då å reservere ei grav attmed t.d. til attlevande ektefelle, gjer ein dette samtidig.
  • Bruk av eksisterande grav: Har de ei grav innanfor familien som de ynskjer å bruke opp att, må nokre krav innfriast først. Grava må vere eldre enn fredingstida for grava (det vil seie at det må ha gått 20/30 år eller meir sidan sist den var brukt), og den som står som festar for grava må gi sitt samtykke til gjenbruk. Er desse tinga på plass, kan ein oftast gjenbruke ei eksisterande grav.
  • Fredingstid for oskeurner er 20 år.
  • Fredingstid for kister er 20 år for gravplassane i tidlegare Sogndal kommune; Stedje, Ølmheim, Fjærland og Kaupanger kyrkjegardar, og Kaupanger Gravlund, og 30 år for gravplassane i tidlegare Leikanger kommune; Leikanger og Husabø kyrkjegardar, og 30 år for gravplassane i tidlegare Balestrand kommune; Tjugum, Sæle og Kvamsøy kyrkjegardar.

10. HAR ALLE RETT PÅ GRAVPLASS I KOMMUNEN?

Alle som bur i kommunen har rett til gravplass på ein av gravplassane i kommunen. Dette gjeld også dødfødde når foreldra ynskjer det.
Avlidne personar som ved dødsfallet var manntalsførte i kommunen har rett på fri grav på gravplass i kommunen. Dette gjeld også om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd utanfor kommunen dei siste fem åra, og av den grunn ikkje er manntalsført der. Ein føresetnad for rett til fri grav er at grava er tilvist av gravplassforvaltninga. (Gravplassforvaltninga i Høyangerl kommune er Høyanger kyrkjelege fellesråd, dette mynde er i det daglege delegert til kyrkjeverja).
Gravplassforvaltninga kan gje løyve til at også avlidne personar utan bustad i kommunen kan gravleggjast på ein gravplass i kommunen, men det vert då kravd dekning av kostnader ved gravferda, og avgift som ved feste av grav; jfr. Gravferdslova §6.
Dersom avdøde skal gravleggjast i ein annan kommune, kan ein ta ein telefon til kyrkjekontoret i den aktuelle kommunen og få avklara dette.
Alle har rett til gravplass, uavhengig av tru og livssyn.

11. KORLEIS VERT EI GRAV GREVEN OPP?

Her brukar me små gravemaskiner til å grave opp og att ei kistegrav. Om vinteren må ein leggje på teletinarar, for å kunne grave opp jorda. Ein teletinar må liggje på grava mellom 2-4 dagar, alt etter kor djupt telen går. Ei kiste skal ha minst 0,8m jordoverdekking, og minst 0,3m jord under kistebotnen og på alle sider. Ei urnegrav vert oftast greven opp for hand. Ei urne skal ha minst 0,5m jordoverdekking.
Det er kyrkjekontoret som syter for at det vert grave opp og att ei grav. Det skal du som pårørande sleppe å ta deg av.

12. ER DET ANDRE REGLAR FOR EI URNEGRAV ENN FOR EI KISTEGRAV?

Ja, nokre reglar gjeld særskilt for urnegraver. T.d. kan ein ha mindre jordoverdekking på ei urne enn på ei kiste. Ein må vente til fredingstida er over mellom kvar gravlegging av kister i same grav, medan ein kan setje ned ei urne i ei kistegrav allereie same dag som ei kistegravlegging har funne stad om det skulle vere behov for det. Ein kan setje ned 8 urner i ei kistegrav. Set ein ned ei urne i ei kistegrav før fredingsperioden er omme, vil ein også rekne ny fredingsperiode frå tidspunktet urna blir sett ned.

13. NÅR KAN EI URNENEDSETJING SKJE?

Ut frå lovverket skal ei urnenedsetjing skje seinast 6 mnd. etter dødsfallet. Ein kan derimot ikkje krevje å få utført ei urnenedsetjing så lenge det er tele i marka. I praksis prøver ein i fellesskap å finne eit høveleg tidspunkt både for dei pårørande og for kyrkjekontoret.

14. KVAR KAN EG KJØPE GRAVSTEIN/GRAVMINNE OG SKAL GRAVSTEINEN/GRAVMINNET GODKJENNAST?

Det er mange som sel gravsteinar, både lokalt og nasjonalt. Det er ingen krav til kven du skal bruke. Ein kan òg bruke stein frå fjellet, frå elva eller naturen rundt om ein ynskjer det – og så få inngravert namn på denne. Det som er verdt å merke seg er at kyrkjekontoret skal godkjenne gravsteinen/gravminnet du set opp, og det skal også plasserast på tilvist plass. Det er også krav om sikring av gravsteinen du set opp, slik at denne ikkje veltar. Ståande gravminner i stein skal festast til fundament/sokkel i stein med to 15 cm lange og 12 mm tjukke rustfrie boltar. Fundamentet til gravsteinen skal vere greven ned slik at det fluktar med terrenget rundt.
Det kan berre setjast opp eit gravminne pr. grav.
Det er familien/dei pårørande som eig gravsteinen, og som er ansvarleg for sikring, tilsyn m.m. av denne.

15. KAN NAMNET PÅ AVDØDE STÅ PÅ EIN GRAVSTEIN EIN ANNAN STAD ENN DER HAN FYSISK ER GRAVLAGT?

Ja. Det er høve til å samle namn på t.d. ulike familiemedlemar på ein felles gravstein. (Tidlegare var dette ikkje lov, men den regelen er endra). Det er likevel ikkje lov til at namnet då står fleire stader, t.d. der ein fysisk er gravlagt + på ein felles gravstein.
Mange nyttar denne regelen til å samle fleire namn på ein gravstein, og slette graver som elles ligg litt spreidd på gravplassen.
Ein har òg høve til å få føydd til namn på personar som t.d. har omkomme på havet eller i krig, og som aldri har blitt funne att.

16. NÅR KAN ME SETJE OPP GRAVSTEINEN/GRAVMINNET?

Det er viktig at jordmassane kring grava får feste seg og stabilisere seg før ein set opp ein gravstein. Dette for at gravsteinen ikkje skal velte. Ut frå regelverket skal det gå minst 6 mnd. frå gravlegging og til gravsteinen blir sett opp.
Gravminnet kan berre setjast opp på tilvist plass, og sokkelen/fundamentet skal flukte med terrenget.

17. KVAR PÅ GRAVA SKAL GRAVMINNET PLASSERAST?

  • På enkelgrav vert gravminnet plassert i bakkant av grava (hovudenden).
  • På dobbeltgrav vert gravminnet plassert i bakkant av den grava som vert teken i bruk først. Dersom festar (pårørande) ynskjer at gravminnet på festa gravstad vert sentrert mellom gravene kan festar sjølv ta initiativ til dette, men berer då kostnaden med dette.

18. KOR STOR KAN EIN GRAVSTEIN VERE?

  • Gravsteinen skal ikkje vere høgare enn 150 cm, breiare enn 85 cm og tjukkare enn 60 cm. For dobbelgrav kan breidda aukast til 100 cm. Vidare må største høgd x største breidd x største tjukn ikkje vera over 0,2 m3 og ikkje ha ei vekt over 300 kg.
  • På urne- og barnegraver kan dei tilsvarande måla ikkje overstige 80/75/60 cm.

19. KVA BETYR FESTING AV GRAV?

At ei grav er festa betyr at den er reservert til bruk og betalt festeavgift for. Festeansvaret må vere skrive på ein person. Festaren vert òg kontaktperson for kyrkjekontoret i høve grava, og er den som mottek faktura på festeavgift.
Den som er festar av ei grav er suveren til å bestemme:

  1. kven som skal gravleggjast i grava
  2. om det skal stå gravminne på grava
  3. kva gravminne ein vil nytte
  4. kva blomar/planter og pynt det skal vere i plantefeltet.

Det er festaren som er registrert som eigar av gravminnet og den ansvarlege skal difor vere ein fysisk person som sørgjer for at det vert ført jamleg tilsyn med at grav og gravminne er i samsvar med lover og forskrifter (jf. sikring av gravminne, planting).

20. KVEN KAN VERE FESTAR?

Det er dei pårørande sjølve som oftast avgjer kven det er som skal stå som festar for ei grav. Oftast er dette den nærmaste pårørande, t.d. ektefelle til avdøde eller eit av borna. Festeansvaret må vere skrive på ein person og ikkje t.d. eit firma.

Ved usemje om kven som skal overta festeavtalar som den avlidne hadde ansvar for, må saka leggjast skriftleg fram for Høyanger kyrkjelege fellesråd for avgjerd.

21. KOR LENGE KAN EIN FESTE EI GRAV?

Det er ulike lokale reglar for festing av graver. I Høyanger er festetida 5 år om gongen. Ein får feste ei grav så lenge ein sjølv ynskjer det, og festet blir fornya ved å betale festeavgift for grava. Dersom ein ynskjer å slette ei grav/seie opp festet må ein gi kyrkjekontoret melding om dette. Festaren får då tilsendt eit eige skjema for dette, fyller det ut og returnerer dette til kyrkjekontoret. Festaren kan då fjerne gravminnet sjølv, men dersom kyrkjekontoret må fjerne gravminnet må ein betale ei avgift for dette.

22. KORLEIS ER FESTEREGLANE OG KOR MYKJE KOSTAR DET Å FESTE EI GRAV?

  • Festeavgifta er ofte ulik frå kommune til kommune. Den vert bestemt lokalt av det lokale fellesrådet og kommunestyret, og er ei kommunal avgift. Det er kyrkjekontoret som krev inn festeavgifta frå deg som festar.
  • I Høyangerl kostar det kr. 300,- pr. grav pr. år (pris 2020). Det vert kravt inn for 5 år om gongen.
  • Nyttar ein ei frigrav/ny grav som ikkje er festa, har ein rett på fri grav i fredingstida. Det vil seie at ein ikkje får krav om festeavgift før fredingstida har gått ut.
  • Fredingstid for oskeurner er 30 år.
  • Fredingstid for kister er 30 år for gravplassane i Høyanger kommune.
  • Ved gjenbruk av grav, får ein ikkje nye friår for festeavgift. Nyttar ein ei grav som allereie er festa, så går festeperioden vidare som før. Den stoppar ikkje opp, eller blir endra i samband med slik gjenbruk/bruk av festa grav.
  • Festar ein ei grav attmed den nye grava, t.d. til attlevande ektefelle, får ein krav om festeavgift for denne grava. Ved bruk av denne festa grava, får ein heller ikkje 30 år fri for festeavgift. Ei festa grav blir aldri fri att, før den eventuelt går ut av feste eller ikkje blir festa vidare av dykk som pårørande.

23. ER TAL GRAVER LIK TAL GRAVSTEINAR?

Nei. Ein kan ha felles gravstein for fleire graver; t.d. har ein ofte ein felles gravstein for eit ektepar. Ekteparet er gjerne gravlagt ved sidan av kvarandre i 2 graver, men har felles gravstein. Når ein då t.d. får krav om festeavgift, får ein krav for to graver. Festeavgifta vert ikkje rekna ut frå kor mange gravsteinar ein har, eller med kor mange som ligg gravlagt der, men kor mange fysiske gravplassar i marka ein har.

24. AUKAR FESTEAVGIFTA ETTER KOR MANGE SOM LIGG GRAVLAGT I EI GRAV?

Nei. Festeavgifta vert rekna pr. grav, og ikkje ut frå kor mange som ligg gravlagt der, eller kor mange gravsteinar ein har. Ei grav kan difor vere gjenbrukt fleire gonger, utan at dette får konsekvensar for festeavgifta. Ein betalar festeavgift pr. fysiske gravplass i marka.

25. KOR STOR KAN PLANTEFELTET VERE, OG KVA KAN EG PLANTE PÅ EI GRAV?

  • Framfor gravminnet kan ein planta i eit felt som er like breitt som gravminnet. Plantefeltet kan i alle høve vere 60 cm brett, men det kan ikkje gå lenger fram enn 60 cm frå bakkant av gravminnet.
  • Det er ikkje tillate å plante noko som er høgare enn gravminnet, eller som går utanfor plantefeltet. Plantinga må heller ikkje skjerma for skrifta på gravminnet.
  • Det er ikkje lov å plante noko på sidene eller bak gravminnet.
  • Plantefelt som ikkje vert stelte, skal såast til med gras slik at det blir ei fin grasslette framfor gravminnet.

26. ANSVAR VED SKADER PÅ GRAV ELLER GRAVUTSTYR.

Gravplassforvaltninga er ikkje ansvarleg for skader på grav eller gravutstyr ved naturhendingar, hærverk, tjuveri o.l. med mindre det er valda ved aktløyse av dei som er sette til å arbeida på kyrkjegarden. Gravplassforvaltninga har såleis ikkje erstatningsansvar for skade på gravminner, dekorgjenstandar på gravminnet eller i plantefeltet, innramming av plantefeltet eller planter i plantefeltet når skaden skuldast vanleg drift av gravplassen.
Eit gravminne må vere av eit materiale som er motstandsført og som krev lite vedlikehald. Gravminnet må tåle dei påkjenningar det vert utsett for ved vanleg drift og vedlikehald på kyrkjegarden.
Det er festaren (dei pårørande) som eig gravminnet, og som er ansvarleg for tilsyn, vedlikehald m.m. av dette.

27. KVA SKJER MED GRAVA NÅR FESTETIDA ER UTE OG EIN IKKJE YNSKJER Å FORNYE DENNE?

Dersom ein ikkje har ynskje om å fornye eit feste så skal grava slettast.
Då skjer fylgjande:

  • Dersom festaren ikkje ynskjer å fornye festet, gir han melding til kyrkjekontoret om dette.
  • Festaren får tilsendt eit skjema frå kyrkjekontoret, der ein signerar på at grava kan slettast. Festaren får då høve til å fjerne gravminnet frå kyrkjegarden på eigahand, eller at kyrkjekontoret kan gjere det for han. Gravminnet skal då bli fjerna innan 6 månader.
  • Dersom kyrkjekontoret skal fjerne gravminnet, kostar dette kr. 1200,- (pris 2020). Gravminnet blir då fjerna frå grava og knust. Dette for at namn ikkje skal vere attkjenneleg i etterkant.
  • Grava er då fri til å bli nytta av andre.

28. NÅR BLIR EI GRAV FREDA?

Graver frå middelalderen og samiske gravminner som er frå oldtida eller middelalderen (inntil år 1537) er automatisk freda; jmfr Kulturminnelova §4.
Freda graver kan ikkje nyttast opp att, og gravminnet/gravsteinen kan ikkje flyttast utan godkjenning frå fylkeskommunen. Det må då søkjast særskilt for kvar gravstein, med foto av steinen m.m.
Det kan også vere andre grunnar til at ein særskilt ynskjer å bevare nokon graver, t.d. kan det vere lokal historiske argument for dette. Endeleg avgjerd i slike saker vert fatta av fellesrådet.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Åpningstider resepsjon:
Tirsdag- Torsdag
kl. 09.00-14.00 

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Mob: 404 58 649

Telefontider:
Tirsdag-torsdag
kl. 09.00-14.00

Ansvarlig redaktør:
Stig Jonny Fitje

Digital redaktør:

M Ali Kharrat

Profilbildar:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"