Vedtekter for gravplassane i Høyanger kommune

Desse vedtektene er heimla i og kjem i tillegg til gravferdslova (LOV 1996-06-07 nr 32: Lov om kirkegårder, kremasjon og gravferd) og tilhøyrande forskrift (Forskrift til lov om kirkegårder, kremasjon og gravferd). Vedteke av Høyanger kyrkjelege felles¬råd 11.10.2007. Godkjent av Bjørgvin bispedømeråd (04.02.2008).

 Vedtekter for gravplassane i Høyanger kommune

§1 KYRKJEGARDSTILKNYTING

Avlidne personar som ved dødsfallet var manntalsførte i kommunen har rett på fri grav på kyrkje­gard i kommunen. Dette gjeld også om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd utanfor kommunen dei siste 5 åra, og av den grunn ikkje er manntalsført der.

Kyrkjegardsstyresmaktene* kan gje løyve til at også avlidne personar utan bustad i kommunen kan gravleggjast på ein kyrkjegard i kommunen, men det vert då kravd dekning av kostnader ved grav­ferda, og avgift som ved feste av grav.

§2 FREDINGSTID

Fredingstider for alle graver i Høyanger kommune er 30 år.

§3 FESTE AV GRAV

I lag med ei fri grav kan ein feste ei grav ved sidan av for 5 år om gongen. Dersom ein ynskjer å feste meir enn ei grav i tillegg til fri grav, må ein søkje kyrkjegardsstyresmaktene om dette. Desse gravene utgjer då ein gravstad.

Når fredingstida/festetida er ute, kan grava festast vidare for 5 år om gongen ved å betale tilsendt krav om festeavgift. Festeavgifta vert fastsett lokalt i kvar kommune. Når det har gått 60 år etter siste gravlegging kan festet ikkje lenger fornyast utan etter særskilt samtykke frå kyrkjegards­styresmaktene.

I rimelig tid før fredingstid eller festetid går ut, skal festaren varslast om dette. Dersom festet ikkje er fornya innan seks månader etter at varsel er sendt ut, fell gravstaden attende til kyrkjegarden og kan fritt nyttast om att av kyrkjegardsstyresmaktene.

Dersom det ikkje er mogeleg å hente inn festaren eller den ansvarlege sitt samtykke til bruk av ei grav kan kyrkjegardsstyresmaktene avgjere spørsmålet om gravlegging.

Festar pliktar å melde adresseforandring.

§4 GRAV OG GRAVMINNE

Montering av godkjent gravminne kan skje på tilvist plass når jordmassane har sett seg etter oppgraving, normalt etter 6 månader. I tida før gravminne kjem opp, syter kyrkjegards­styres­maktene for merking av grava, og vil syte for planering og tilsåing. På ny festa gravstad vert gravminnet plassert i bakkant av den grava som er teken i bruk.

§5 PLANTEFELT

Det er mogleg å opparbeide plantefelt framfor gravminnet i høgd med bakken omkring. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Storleik: Plantefeltet må ikkje vere breiare enn breidda på gravminnet. Dersom gravminnet er smalare enn 60 cm kan plantefeltet likevel vere opp til 60 cm breitt. Plantefelt framfor gravminnet skal ikkje stikke lenger fram enn 60 cm målt frå gravminnet sin bakkant.

Planting: I plantefeltet må det ikkje plantast blomar eller andre vokstrar som overstig gravminnet si høgd, går ut over plantefeltet eller skjuler gravminnet. Det må ikkje plantast noko utanfor plantefeltet.

Innramming: Eventuell innramming av plantefeltet skal flukte med terrenget omkring. Innramming med større anleggsflate enn normal kantstein (planteplate) kan difor berre nyttast når terrenget er flatt og skal då leggjast i drenerande masse (grus), og vere minst 5 cm tjukk.

Dekorgjenstandar: Bruk av faste dekorgjenstandar i plantefelt er ikkje tillete. Eventuelle dekor­gjenstandar montert på gravminnet, på planteplate eller i plantefeltet skal plasserast slik at dei ikkje er til hinder for normalt vedlikehald inntil og rundt gravminnet/plantefeltet.

Dekorgjenstandar skal vere sømelege og av ein kvalitet som tåler tilhøva på kyrkjegarden. Lause dekorgjenstandar (til dømes stearinlys eller oljelamper) skal fjernast etter bruk.

Erstatningsansvar: Kyrkjegardsstyresmaktene har ikkje erstatningsansvar for skade på dekor­gjenstandar i plantefelt, innramming av plantefelt eller plater i plantefeltet når skaden skuldast vanleg drift av kyrkjegarden.

§6 PLANTEMATERIALE

Plantar, kransar og liknande materiale som vert brukt ved gravferd eller pynting av grav, og som endar som avfall, skal kunne komposterast.

§7 STELL AV GRAV

Den som er ansvarleg for fri grav eller festegrav har rett og plikt til å stelle grava i samsvar med kyrkjegarden sine vedtekter. Plantefelt som over tid ikkje vert stelte skal ryddast og tilsåast med plenfrø av den ansvarlege eller av kyrkjegardsstyresmaktene. Kyrkjegardsstyresmaktene kan mot betaling syte for stell og planting på grav/gravstad.

§8 AVTALE OM GRAVSTELL

Festar eller ansvarleg for grav kan inngå ein avtale om gravstell med kyrkjegardsstyresmaktene og betaler på forskot for planting og stell på grav/gravstad for eit avtalt tidsrom. Avtalen kan ikkje opprettast for lengre tidsrom enn fredingstida eller festetida varer. Dersom dei innbetalte midlane ikkje strekk til for den avtalte perioden, skal festaren varslast slik at det eventuelt kan tilførast meir midlar. Dersom det står att midlar når avtaletida er ute, vil resterande midlar verte nytta til generell prydnad på kyrkjegarden.

§9 BÅREROM

Kyrkjegardsstyresmaktene disponerer båreromma i tilknyting til kyrkjene. Båreromma skal berre nyttast til å ta vare på avlidne fram til gravferda, og ingen har tilgjenge til båreromma utan etter løyve frå kyrkjegardsstyresmaktene. Liksyning kan berre gjerast etter samtykke frå den som syter for gravferda.

§10 NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på gravplassane må ha løyve frå kyrkjegards­styresmaktene. Løyvet kan kallast attende dersom vedkommande ikkje rettar seg etter gjeldande reglar. Næringsverksemd skal avgrensast til å gjelde montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver.

§11 RO OG ORDEN

På kyrkjegarden er det ikkje tillate med aktivitetar som uroar kyrkjegardsfreden, slik som t.d. sykling, aking, leik eller utøving av sport. Etter gravstell må avfall sorterast i samsvar med oppslag på kyrkjegarden og leggjast i tilhøyrande avfallsdunkar. Reiskap som høyrer kyrkjegarden til, skal setjast attende på plass.

§ 12 VERNA GRAVER/OMRÅDE PÅ KYRKJEGARDANE

  1. Kyrkjegardsstyresmaktene har oversyn over graver/område på kyrkjegardane som er vedteke verna og dei aktuelle gravene er merka av på gravkart og i gravregister.
  2. For gravene som er inkludert i vernevedtaket er dei aktuelle gravfestarane kontakta og dei har underteikna avtale om sine særskilde rettar og plikter når vedkomande grav vert verna. Ny avtale må gjerast med kvar ny festar. Det kan ikkje krevjast at gravfestar skal inngå slik avtale om vern.
  3. Det kan leggast til namn på gravminnet på skriftflata, eventuelt på baksida. Alternativt kan det monterast ei liggande namneplate av same materiale og med same overflatehandsaming som gravminnet har. Storleik og plassering skal godkjennast av kyrkjegardsstyresmaktene.
  4. Når det vert tilvist graver på verna område av kyrkjegardane, vert det lagt til grunn at festarane er villige til å velje gravutstyr som harmonerer med feltets eigenart.
  5. Kyrkjegardsstyresmaktene ber om å få overta gravutstyr på verna graver som fell attende til kyrkjegarden etter siste festeperiode. Dei aktuelle gravene vil ikkje verte nytta til ny gravlegging og vil ikkje verte tilplanta.

Kyrkjegardsstyresmaktene kan etablere godt merka "museumsområde" på kyrkjegardane for  å vise gravminne som har verneverdi, men som ikkje står på d

 

* ”Kyrkjegardsstyresmaktene” viser til kyrkjeleg fellesråd i fleirsoknskommunar eller sokneråd i eittsoknskommunar. I dei fleste tilfelle er myndet som ligg til kyrkjegardsstyresmaktene delegert vidare til kyrkjeverja i kommunen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Åpningstider resepsjon:
Tirsdag- Torsdag
kl. 09.00-14.00 

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Mob: 404 58 649

Telefontider:
Tirsdag-torsdag
kl. 09.00-14.00

Ansvarlig redaktør:
Stig Jonny Fitje

Digital redaktør:

M Ali Kharrat

Profilbildar:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"