Kunst- og kulturkveld i Kyrkjebø kyrkjesundag 29. okt. kl 17.00

Madonna`en frå Kyrkjebø og annan kunst Føredrag ved Rune Kyrkjebø Song og musikk: Keiko og Kul-koret.

Kunst- og kulturkveld i Kyrkjebø kyrkjesundag 29. okt. kl 17.00

 

På Kyrkjebø var det bevart frå middelalderen fleire fine kunstgjenstandar. Figuren av Maria med Jesusbarnet er den mest kjende av dei. Kyrkjebø-madonnaen har «søstre» fleire stader på Vestlandet, som i Vik og på Urnes. Gjenstandane er no i Universitetsmus6et i Bergen. Slik kyrkjekunst er mest bevart i Noreg og i Catalonia, to utkantar av Europa. Ei utstilling North & South - Exhibiting Medieval Art from Norwoy ond Catalonia tematiserte dette i åra 2019 og2A2A. Då var det Maria og barnet frå Kyrkjebø som vart sende (tilbake?) til kontinentet og var med i utstillinga.

 På kulturkvelden får vi høyre meir om Maria-figuren og om fleire av kunstverka frå Kyrkjebø som no er i musdet i Bergen. Vi ser på kva bygdeboka fortel om gamlekyrkja slik at vi kan førestille oss den. Vi kjem også inn på kva kyrkjekunsten fortel om reformasjonshistoria - den katolske kyrkjekunsten hadde prominent plassering.

Føredraget vil byggje på mellom anna desse kjeldene:

  • Sigurd Førsund; Kyrkja. 1: Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, band III: Bygdesoge. L978.
  • Henning Laugerud: Reformasjon uten folk : det kotolske Norge i før- og etterreformatarisk tid  2018.
  • Justin Kroesen og Stephan Kuhn: The Medieval Church Art Collection. University Museum of Bergen.2022.

Det heile blir enkelt og uformelt. Det blir synt ljosbilete. Det krevst ikkje nokon som helst førehandskunnskap. Alle er hjarteleg velkomne!

 

Føredragshaldaren er Rune Kyrkjebø. Han er fødd i 1968 og oppvaksen på Kyrkjebø. I Bergen studerte han ulike fag, særleg nordisk språk og litteratur der han arbeidde med norrøne tekstar som Snorres kongesoger. Han har også studert teologi. I samband med studiet av skinnbøker frå middelalderen kom Rune i kontakt med forskarar som interesserte seg for kunstgjenstandane frå Kyrkjebø, og han sette seg då nærare inn i desse tinga. Han arbeider på Universitetsbiblioteket i Bergen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Åpningstider resepsjon:
Tirsdag- Torsdag
kl. 09.00-14.00 

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Mob: 404 58 649

Telefontider:
Tirsdag-torsdag
kl. 09.00-14.00

Ansvarlig redaktør:
Stig Jonny Fitje

Digital redaktør:

M Ali Kharrat

Profilbildar:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"