Påsken i kirken i Oslo, Asker og Bærum

Påsken er en av kirkens viktigste høytider, og biskop Kari reflekterer over situasjonen i Ukraina i sin påskehilsen.  Høytiden blir markert bredt i kirkene i Oslo bispedømme. Sjekk skjer i kirken.

Foto: Tim Gouw, unsplash.com

Den beste måten å finne ut av hva som skjer hvor i kirkene er å laste ned skjer i kirken til din mobil. I lenken kommer du rett inn på påskedelen av denne portalen. Alt som skjer i kirken i tidsrommet påsken varer, legges her. 

Brødet og kornet 

Denne påsken kan igjen kirkene fylles, uten tanke på pandemi. Samtidig er mange tynget over situasjonen i Ukraina. Dettte kommer også biskopen inn på i sin påskehilsen. 

 

Denne påska har fått eit nytt mørke over seg. Menneske treng ly og husrom og varme blikk og hender. Folk i nabolaget er uroa. Barna våre er redde og urolege. 

I år oppfordrar eg oss alle til å bake og/eller dele påskebrød. Det er ein tradisjon vi særleg kan takke våre venner i dei ortodokse kyrkjene for. I Ukraina, som forsyner store delar av Europa med korn til brødbaking, heiter påskebrødet paska, på Kypros heiter påskebrødet tsoureki og blir pynta med farga, hardkokte egg, i Russland bakar ein kulich. Påskebrødet kjem i mange variantar med ulike oppskrifter. 

Kvifor oppfordrar eg til å dele brød i år? For det første er dette noko ein kan gjere utan å kunne morsmålet til den andre. For det andre er brøddeling og gudstenestefeiring nært knyta saman. Og for det tredje er det er ei kjærleikshandling som alle av god vilje kan gjere! For det fjerde er det nødvendig i heilt bokstaveleg meining. Det kan vende nød. 

I oldkyrkja skjøna ein samanhengen. Under nattverden braut diakonen brødet og etter messa tok diakonen brødet med ut, oppsøkte fattige og sjuke og delte brødet ut. Orde «messe» betyr eigentleg utsending, og stammar sannsynlegvis frå denne utsendinga med brødet. 

 

Skal vi prøve å feire messe saman? Det varme, duftande brødet vi bakar i dag eller i morgon, det kan vi gi vidare. Del brød! 

I denne påska og i tida etter vil eg fordjupe meg forteljinga om det overraskande som hendte nokre disiplar då brødet vart delt i Emmaus: Etter påskedagen møtte disiplane på veg frå Jerusalem ein dei trur er ein framand. Dei samtalar med han om det som har skjedd og inviterer han inn til Emmaus for å spise saman med dei.  

 

«Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei. Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei.» (Luk 24,30-31). 

I det Jesus bryt brødet og deler, kjenner dei han igjen. Å dele brød å vin er også å forplikte seg på å følgje etter Jesus og å arbeide til beste ikkje berre for andre kristne, men for sjølve menneskeslekta. Vanlegvis blir det mindre av noko jo meir det blir delt. Det spesielle med kjærleikshandlingar er at dei tvert om veks og veks jo meir dei blir delte. 

 

Takk til alle det som gjer det! 

Der brød blir delt og gitt ut og der kjærleik veks, gror og fløymer - der er Gud. 

Velsigna påske! Fred vere med dykk og med alle! 

 

Lyrikaren Helge Torvund har nettopp skrive eit dikt som eg har fått høve dele med dykk: 

 

Eg prøvde å tenkja på 

kva som er det motsette 

av bomber 

 

og enda opp 

med å tenkja på korn. 

 

Korn som veks så stille 

og som kan vaia  

så vakkert i vinden 

 

og som kan  

gje oss brød. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"