Babysong

Alle babyar i Kvam er velkomne til å syngja og ete lunsj

Babysong 5 måndagar i høst i Norheimsund kyrkje! 

Babysong er eit tilbod til dei minste borna, saman med ein av foreldra. Gjennom song blir det knytta kontakt mellom foreldre og barn. Ein lærer enkle regler og songar, som ein òg kan nytte heime. Fokuset ligg på samværet mellom barnet ditt og deg. For barnet er di stemme den finaste i verda! Konseptet er tilrettelagt for dei små som deltek, men det er også et sosialt fellesskap for dei vaksne. Difor blir alle samlingar avslutta med lunsj.

Det vert nokre endringar pga. reglar for smittevern, men me håpar me skal få det kjekt likevel :) Songstunda vert nokolunde som før, men det vert ikkje servert lunsj, berre kaffe og te. De må sjølv ta med niste. 

Viktig at alle som kjem er heilt friske! 

Ta med eit teppe som babyen kan liggja på i samlinga, ei rangle som lagar lyd og eit sjal/tøystykke.

Pris: gratis i høst pga. at kyrkja ikkje lagar lunsj.
Ta med niste! Me i kyrkja lagar kaffe og te.

Datoar høsten 2021: 4.oktober, 18.oktober, 1.november, 15.november og 29.november.

Det vert flere påmeldte, så delar oss i 2 gruppar.
Gruppe 1: borna som vert fødd før juli 2021
Gruppe 2: borna som vert fødd frå 1.juli 2021
kl.11.00: song og samling med gruppe 1
kl.11.30: felles lunsj med begge gruppane (gp 1 og 2)
kl.12.15: song og samling meg gruppe 2

Pga. nye reglar for personvern får ikkje kyrkja tilgong til namn og adresser til alle fødte born i Kvam, berre til dei som er døypte. Derfor er det svært kjekt om de spreier dette til aktuelle deltakarar.

 

 

PÅMELDING STENGT

Ta kontakt med kateketen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"