Vennefest

31. oktober kvart år arrangerer kyrkja Vennefest i Norheimsund kyrkje.

Vennefest

Her finn du info om Vennefesten 2023. Nytt arrangement kjem 31.oktober  2024. 

 

Tysdag 31.oktober er det nok ein gong klart for Vennefest i Norheimsund kyrkje!

Dette blir ein festkveld kor borna får vera med på mange kjekke aktivitetar. Det blir og appell, snop, kaker, underhaldning, kjekke folk og god stemning! 

Vennefesten er ein stor dugnad, og vi satsar på at mange av dykk vaksne vil bidra for å få dette til!

Tema: Vennskap med Gud og kvarandre.

Tid: Tysdag 31. oktober kl. 17.30 - 19.30.

Alder: Heile familien med vaksne og søsken i alle aldrar er hjarteleg velkomne!

Pris: 100 kr. per barn, maks 300 kr. per familie. Vaksne gratis.

Meld dykk på i lenka under innan 28.okt og vipps til 86323 (Norheimsund kyrkje). Merk betalinga med Vennefest og barnet/barna sitt namn. Dersom de ikkje har tilgong til Vipps, kan de betale når de kjem til kyrkja. (NB! Vippsinga er ikkje sjølve påmeldinga).

Kostyme: Borna kler seg ut før dei kjem, men kan få ansiktsmaling i kyrkja om dei vil. Kos dykk med utkledninga! Me oppfordrar vaksne òg til å kle seg ut! :) :)

Obs! Me ynskjer ikkje at borna skal kle seg ut med "typiske" halloweenkostymar (skumle masker, djevelkostymar o.l.). Vennefest er eit alternativ til andre halloweenfestar. Borna skal få sleppe å vere redde på Vennefest.

Dette vert ein stor dugnad, og me treng mange frivillige for å få dette i hamn. Me treng først og fremst folk som kan stå på post (t.d lykkehjul, skoesketårn) i 45 minutter. Arrangementet varer i to timar, så to personar deler på ein post. Me har ca. 12 postar. Me treng òg hjelp til å bake kaker, rydde opp og andre praktiske oppgåver. Noter i påmeldinga kva de kan bidra med.

NB! Vi tek framleis imot påmeldingar, sjølv om fristen har gått ut. Dersom du meld på bornet ditt no er det ønskeleg at du i tillegg til påmelding via nettsida, sender ei tekstmelding med barnet sitt namn, til mobil: 482 95 653 (trusopplærar, Solfrid Storaker Lindøy).

Arr.: Norheimsund kyrkje, ved trusopplærar og sundagsskulen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"