Gravferdsseremonien

Ei gravferd i Den norske kyrkja er ei kyrkjeleg handling, og har gudstenesteleg karakter. Ho er sett saman av ein minnedel, skriftlesing, tale, salmesong og bøn. Det er presten sitt ansvar å sjå til at handlinga er i samsvar med den kyrkjelege ordninga.

Gravferdsseremonien

Gravferdsseremonien

Dei einskilde ledda, blant anna utsmykking, symbol og kransepålegging, må tilpassast den gudstenestelege karakteren. Den liturgiske fargen ved gravferd er fiolett. Det er vanleg å bruke mykje kvitt, både kvite blomster og kvit kiste, men andre fargar kan óg nyttast.

Gangen i seremonien

Gravferda startar med preludium (inngangsmusikk), salme, nokre innleiande ord  og ei bøn. Etter det framfører presten eller ein representant for dei pårørande minneord. I begge tilfelle vil det vere naturleg å kombinere informasjonen om den avdøde med korte forteljingar om kva den avdøde har hatt å seie for dei som stod han/ho nær. Minnedelen er den delen av gravferda som har minst gudstenesteleg karakter.

Etter minneorda er det også høve for andre korte helsingar, kransepålegging, opplesing av kransehelsingar og lystenning. Presten må på førehand informerast og godkjenna desse handlingane.

Etter minneorda er det gjerne eit musikkinnslag før presten eller den som står for gravferda les frå Bibelen, deretter følgjer ein salme. Presten held ein kort tale ut frå skriftordet, så blir det bedt ei bøn før alle ber Herrens bøn saman og syng den siste salmen.

Før postludiet (utgangsmusikken) er det vanleg å ha eit musikkinnslag. Kista blir boren ut under postludiet. Det er vanleg at representantar for den nærmaste familien eller vener av avdøde er med og ber kista. Ved kistegravferd er det også skriftlesing ved grava før presten ber ei bøn og kista blir senka. Så følgjer jordpåkastinga. Deretter les presten eit ord frå Bibelen før han eller ho les velsigninga og alle syng ein salme. Ved bisetjing for kremasjon kan jordpåkastinga skje i kyrkja/kapellet.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"