Vikariat som kyrkjelydspedagog

TRUSOPPLÆRAR

Det er ledig 50 % vikariat som kyrkjelydspedagog i Kvam frå 1. oktober 2021 fram mot sommaren 2022.

Den norske kyrkja i Kvam består av 4 sokn med 5 kyrkjer, og er ein del av Hardanger og Voss prosti. Kvam herad har ca 8.600 innbyggjarar. Kvam har 2 prestestillingar. Administrasjonsmålet er nynorsk. I Kvam kyrkjelege fellesråd er det tilsett kyrkjeverje, kateket, 2 kantorar, sakshandsamar og kyrkjegardsarbeidar, med ansvar for alle sokna. Det er og tilsett 3 kyrkjetenarar, som til saman har ansvar for dei 5 kyrkjene. Utanom dei tilsette er det mange frivillige medarbeidarar som gjer ein stor innsats i kyrkjelydane.

Stillinga er eit vikariat i 50%, med oppstart 1. oktober 2021. Arbeidsområde er trusopplæring etter den lokale trusopplæringsplanen og gudstenestearbeid knytt til trusopplæringstiltak. Kateketen er leiar for trusopplæringa. Det må påreknast noko arbeidstid på ettermiddag, kveld og helg. Arbeidsoppgåver og arbeidstid avtalast med kateket og kyrkjeverje.

Du som søkjer:

  • har utdanning innanfor kristendom og pedagogikk, helst ein bachelor innan trusopplæring, eller utdanning med pedagogikk og kristendom innanfor fagkrinsen.
  • har erfaring med arbeid med barn eller ungdom.
  • har godt humør og gode samarbeidsevner, og kan samstundes arbeide sjølvstendig og målretta.
  • disponera/har eige bil.
  • er medlem i Den norske kyrkja.
  • Om du ikkje har utdanning, er du kanskje student eller har anna relevant erfaring.

I stillinga får du:

  • løn etter gjeldane tariffavtale.
  • kjøregodtgjering etter gjeldane takster.
  • kontorfellesskap med resten av dei tilsette og prestane, i Norheimsund kyrkje.
  • ein kvardag kor du vil samarbeide med kateketen og dei andre tilsette i fellesrådet, prestane, frivillige og sokneråda.

Løn, arbeids- og tilsetjingsforhold vert i samsvar med lover, føreskrifter og tariffavtaler som gjeld i kyrkja. Fellesrådet har pensjonsordning gjennom KLP.

Spørsmål omkring stillinga kan rettast til

  • Kateket:  Mampion Andriamandimby
  • Kyrkjeverje: Sigrid K. Eriksen-Tufteland

Søknad med CV og aktuelle vedlegg sendast til se934@kyrkja.no eller Kvam kyrkjelege fellesråd, Postboks 39, 5601 Norheimsund

Søknadsfrist: 30. september 2021

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"