Sal- og betaling av tenester

I budsjettmøte 27.01.22 vedtok soknerådet følgjande betalingssatsar for sal av tenester og leige av kyrkja og kyrkjestova.

Sal- og betaling av tenester

Soknerådet vedtok følgjande betalingssatsar i møte 27.01.22: 

Betaling for leige av kyrkja og kyrkjelege handlingar

  1. For konsertar eller liknande arrangement som ikkje er gudsteneste er minste leigepris kr. 2.500 frå 1. oktober til 31. mars og kr. 2.000 resten av året. Eller 15 % av billettinntektene dersom dette utgjer meir.
  2. Kor, korps og andre musikarar må betale kr. 200 pr. gong for lån av kyrkja som øvingslokale.
  3. Ved utanbygds vigsel: der inga av brurefolket er busett i kommunen må dei betale kr. 6.000,- Er ein eller begge busett i kommunen koster det ikkje noko.
  4. Ved utanbygds gravlegging (dvs. at den som skal gravleggast ikkje var busett i Lærdal) kostar det kr. 10.000 for gravlegging med kistegrav og kr. 6.000 for urnegrav. Når sermonien har funne stad i ein annan kommune vil ein måtte betale kr. 8.000 for kistegrav og kr. 4.000 for urnegrav.
  5. Kyrkjeverja får fullmakt i samråd med soknepresten å leige ut kyrkja til medlemmar i Dnk. Ved sterk tvil eller ved klage må soknerådet handsame saka.

Betaling for kyrkjegardstenester

  1. Oppretting/sentrering av gravminne kr. 1.000 (utan bruk av gravemaskin)
  2. Oppretting/sentrering av gravminne inkl. bruk av gravemaskin kr. 2.000
  3. Ved flytting av bedd/blomsterramme og blomar kostar det kr. 500 tillegg.
  4. Sletting/knusing av gravminne kr. 1.000
  5. Festeavgift; 150, kr. 1.500 for 10 år. (Festeavgift er ei kommunal avgift som vert vedtatt av kommunestyret etter tilråding frå soknerådet. Soknerådet krev inn og disponerer avgifta, ny sats frå 01.01.22).
  6. Lærdal sokneråd refunderer kr. 4.000 for kremasjonsavgifta ved urnegravferd (gjeld ikkje for dei som ikkje er busett i kommunen).

Leige av kyrkjestova

  1. Møteverksemd på kveldstid kr. 1.000,-
  2. Minnesamvære kr. 2000,- (eller kr. 1.000 dersom det er eit enkelt minnesamvær utan servering).
  3. dåpsselskap, konfirmasjon og selskap der ein kan låne kyrkjestova inkl. kjøkken helg/nntil tre dagar Kr. 3.000. Det er ikkje høve å nytte alkohol i kyrkjestova. Ein disponerer alt dekketøy i kyrkjestova. Det er plass til om lag 40 gjester.

Trusopplæring

  1. Konfirmantane betaler kr. 1.500,- i eigenandel, dette dekker servering/mat under samlingane, Kristus kransen, konfirmantbibel og konfirmanthelg (Voss eller tilsvarande).

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"